Hopp til innhold

Gjekk 2,2 mil i einsam majestet

Roger Aa Djupvik frå Hyen vann Rypeskarrennet som han ville. Konkurrentane makta berre å halde følgje den første kilometeren.

Premieutdeling under Rypeskarrennet

PREMIERING: Roger Aa Djupvik (f.v.) vann klassa, med Andre Haugsbø (Gaular), Knut Anders Hatlen (Stranda) og Trygve Henden Gaasø (Fjellhug/Vereide) tok dei første fire plassane i seniorklassa.

Foto: Astrid Fjellestad Hauge

Berre 40 løparar stilte i konkurranseklassa under årets utgåve av det tradisjonsrike langrennet på Utvikfjellet. Og alle var menn.

Raskast på dei 23 kilometerane vart Roger Aa Djupvik, som går for Lillehammer, med tida 55 minutt og 47 sekund.

– Eg skjønte tidleg at eg gjekk ifrå, men prøvde å gå hardt heile vegen. Det er jo god trening sjølv om ein må gå åleine. Og så er det jo konkurranse, og då prøver ein å komme seg så fort ein kan til mål, seier hyaren som fylte 32 år for ei veke sidan.

Sololøp i 2,2 mil

Andre Haugsbø (Gaular) og Knut Anders Hatlen (Stranda) var dei som var nærmast å tukte Aa Djupvik.

Dei kom i mål vel tre og fem minuttar etter sigerherren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rypeskarrennet

40 LØPARAR: Berre 40 løparar, der 14 stilte til start på mila, deltok i konkurranseklassa av Rypeskarrennet.

Foto: Astrid Fjellestad Hauge

– Eg gjekk eigentleg åleine får kring ein kilometer. Du går ei lang strekkje og inn i nokre bakkar, og då sprakk det godt opp. Men det var ein kjempeflott dag på Utvikfjellet. Fin løype, fantastisk vêr og føre, seier han.

Få deltakarar

Aa Djupvik beit seg merke i at det var lite deltakarar i konkurranseklassa. 14 av løparar gjekk ti kilometeren, medan kring 450 registrerte seg i mosjonsklassa. Mange av desse gjekk over til Fjellbygda.

– Det er veldig synd. 40 i konkurranseklassa er for lite, eg berre håpar at dette ikkje er noko trend, seier Aa Djupvik.

– Eg såg det var ein del seniorar og juniorar som ikkje var der, men det kan vere ulike grunnar til det, legg Aa Djupvik til og ikkje har noko god forklaring på kvifor så få valde å konkurrere på tid.

– Ein trend?

Det gjer heller ikkje Astrid Fjellestad Hauge i arrangørklubben Fjellhug/Vereide. Ho har heller inga god forklaring på kvifor Inga Kårstad Skaar og Synneva Iren Kvile (begge Førde) var einaste kvinner som stilte på start med tidtaking.

– Ein kan ikkje skulde på verken vêr eller løype. Men eg har inntrykk at det er slik for veldig mange turløp. Eg veit ikkje om det speglar av langrennsaktiviteten i fylket, seier ho og viser til Holmøyskarrennet i Veten som førre helg hadde 57 konkurranseløparar. I tillegg til 568 deltakarar i trimklassa.

Fleire på Bjønnarennet

Skjærtorsdag gjekk eit anna tradisjonsrikt turløp av stabelen på Nigardsbregrandane i Jostedal. Bjønnarennet hadde 180 deltakarar i konkurranseklassa, medan 210 stilte i trimklassa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjønnarennet

OPPTUR: 180 løparar i konkurranseklassa er 12 fleire enn i fjor for Bjønnarennet.

Foto: Oddmund Lefdal

Raskast var Bertine Thorsnes Lefdal og Mats Bjørnar Leirdal (begge Bjørn).

Mats Bjørnar Leirdal

SIGER: Mats Bjørnar Leirdal.

Foto: Oddmund Lefdal

– Vi hadde faktisk fleire konkurranseløparar enn i fjor. Då hadde vi 168 løparar som gjekk i konkurranseklassa, seier rennleiar Oddmund Lefdal. Han forklarar at mange med tilknyting til kommunen, men som går for klubbar andre stadar i landet, plar komme heim for å delta på Bjønnarennet.

Trendy på Austlandet

Samstundes meiner han å registrere at interessa for å gå langrenn er mindre her i fylket, enn til dømes på Austlandet.

– Du har nokre få klubbar som er veldig aktive, som til dømes Førde. Men når du er på renn austafor, då er det berre så vidt ein får plass. Eg har ofte stussa på kvifor det er så trendy med langrenn på Austlandet, medan det er veldig lite miljø, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bjønnarennet

IDYLLISK: Ingenting å seie på rammene til Bjønnarennet langfredag.

Foto: Oddmund Lefdal

Reint trimløp?

I Fjellhug/Vereide meiner Fjellestad Hauge at tida kanskje er moden for å vurdere å gjere Rypeskarrennet om til eit reint trimløp.

– Det er kjedeleg å lage til konkurransar, når ikkje fleire stiller. Då kan ein diskutere om det er vits å drive med konkurranseklassa, og heller satse på turrenn utan tidtaking, seier ho.

– Nok med eitt renn

I Hafslo trur Lefdal at også mange vel å ikkje reise så langt for å konkurrere i påska. Ein annan ting kan vere at dei som konkurrerer vel seg ut enkeltrenn i løpet av høgtida.

For Roger Aa Djupvik, som neste helg stiller på startstreken under femmila på NM, var eitt renn nok i påska. Difor stilte han berre i Rypeskarrennet.

– Det er femmil allereie neste helg, og då er det nok med eitt renn denne helga. Eg håpar å kunne kjempe høgt oppe, og på ein god dag kanskje kjempe heilt inn, seier han.