Hopp til innhold

Gjekk 27 mil til ingen nytte

– Eg veit eigentleg ikkje kva eg skal seie. Det er tungt. Eg har ikkje ord, resignerer Bjørnar Eidstø.

Bjørnar Eidstø

SKUFFA: Bjørnar Eidstø kom seg halvveges mellom Kristiansand og Sogndal til beins, berre for å sjå Start tape den viktige botnkampen på Fosshaugane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Start-supporteren såg sin kjære fotballklubb tape 2-0 for Sogndal på Fosshaugane.

Berre nokre timar i førevegen kom han til saftbygda etter å ha vandra 269 av dei 526 kilometerane frå Kristiansand til Sogndal. Halvveges måtte han gje seg på grunn av ein belastningsskade, og vart frakta det siste stykke i bil. Turen tok åtte dagar.

– Det var meininga å inspirere spelarane til å yte litt ekstra, men veit ikkje kva som skjer. Til sjuande og sist er det for dårleg. Vi er for seine i alle duellar, slit med å etablere eige spel, byrjar Eidstø.

– Ikkje på nett

Start-kaptein, og toppscorar med 13 mål, Ole Martin Årst, lova før kampen at spelarane skulle returnere bragda med å starte poengfangsten som skal syte for eliteseriespel i Kristiansand også i 2012.

Etter kampen, kunne han konstatere at det var langt frå ord til handling.

– Det er sprekt og sporty gjort, men diverre så klarte ikkje det å motivere til betre innsats hos oss. Tanken var veldig god, men vi var ikkje på nett i dag, seier han skuffa.

Sogndal best

For Sogndal var det beste laget på Fosshaugane Campus. To mål av Ørjan Hopen sytte for at alle poeng vart att heime.

Då Start-supporterane tok til å synge «Fager kveldssol smiler» etter 2-0-målet var det meir enn godt nok bevis for kva divisjon dei fryktar Start blir å finne neste år.

– Vi kan berre ikkje gje opp, men det ser tøft ut no, seier ein ordfattig Eidstø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mons Ivar Mjelde

TAKKAR: Mons Ivar Mjelde med nyervervelsen Espen Søgaard frå Lillestrøm.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Veldig skuffa

Like skuffa var også Start-spelarane. Sørlendingane leia serien for fire månader sidan. No er dei desidert sist med 14 poeng. På dei siste åtte kampane er det blitt eitt fattig poeng.

Avstanden til Sogndal på trygg grunn er blitt seks poeng etter tapet i saftbygda.

– Eg er veldig skuffa når vi ikkje nærmar oss nivået vi veit vi kan spele på. Det er fortent at Sogndal vinn, seier Årst, som framleis er toppscorar i eliteserien med 13 mål. Ein posisjon han deler med Lillestrøms Anthony Ujah.

– Slikt går ikkje an

Å vere toppscorar er mager trøyst når det berre er ti kampar att for eit lag som ikkje ser ut til å komme ut av bølgjedalen.

– I teorien er det poeng nok att å kjempe for, men då går det ikkje an å halde på slik. Vi spelar dårleg fotball. Vi har prøvd å forsterke litt også, utan å gjere det så veldig mykje betre. Då stikk det gjerne litt djupare, seier Årst.

Trenar Mons Ivar Mjelde valde å gje Alexander Lund Hansen fornya tillit mellom stengene etter debuten mot Alta i cupen førre helg.

Vraka Høie

Kenneth Høie

PÅ BENKEN: Kenneth Høie (i bakgrunnen) fekk ikkje spele den viktige botnkampen mot Sogndal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Dermed måtte Kenneth Høie, som har vakta buret i 86 av dei 90 seriekampane siste tre år, måtte finne seg i ein plass på benken.

– Det er trenaren som vel ut dei som spelar og det må vi respektere. Alle ynskjer å spele, men det er ikkje vi som avgjer, seier han diplomatisk.

– Kenneth har stått i mange kampar og fann ut til Alta-kampen så grunnlag for å sette Alex inn for å få sett han. Han gjorde ein god kamp mot Alta og fekk tillit inn mot denne kampen, grunngjev Mjelde.

– Prestasjon

Trenaren var lite nøgd med det han såg av spelarane sine på Fosshaugane.

– Det var ein 20 minuttarsperiode i andre omgang, der eg er nøgd. Då er vi på eit nivå eg meiner vi burde vere heile kampen, seier han.

Sjølv om han ikkje har gitt opp håpet om eliteseriespel i 2012, vedgår Mjelde at det ser mørkt ut.

– Du må vere god nok om du skal klare det, og eg skal gjere alt eg kan for at vi skal prestere og plukke nok poeng. Men det skal vere ein god prestasjon om vi klarer det no.