Hopp til innhold

Giske styrkar nynorsken

Trond Giske styrkar nynorsk journalistikk i ei ny språkmelding. Men VG nektar å gi nynorsk meir spalteplass.

Kulturminister Trond Giske under Mediedagene
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Norske aviser bør publisere meir på nynorsk, det er eit av momenta i språkmeldinga som vert lagt fram fredag 27.06.

Meldinga stakar ut ein ny språkpolitikk, og Trond Giske oppfordrar avisene til å lære av kvarandre for å gje nynorsk meir plass i avisspaltene.

Kvalitetsjournalistikk

– Vi ynskjer å styrke nynorsk journalistikk, og sørge for at folk som er godt utdanna nyttar målformen. Gjennom Vinjefondet vil vi gi støtte til folk som skriv kvalitetsstoff på nynorsk, fortel kulturministeren.

Direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, er fornøgd med meldinga.

Står på spel

Men han er framleis bekymra for framtida til skriftspråket

– Dette er det viktigaste språkpolitiske dokumentet som har vorte lagt fram i vårt land på mange tiår. Det nynorske og bokmålske skriftspråk står på spel, meiner Lomheim.

Uaktuelt

For landets største avis, VG, er det ikkje aktuelt å gi nynorsk meir spalteplass.

– Vi tar inn innlegg utanfor som er skrivne på nynorsk, og vi er glade for dei vi får, og av og til trykker vi kommentarar på nynorsk, fortel Olav Versto, politisk direktør i VG.

– Men hovudregelen er at avisa vert redigert på bokmål, og slik har det alltid vore i VGs historie, seier han.

Bør ta ansvar

Leiar i Kringkastingsringen, Håvard Øvregård, meiner at redaktørane bør ta ansvar, då det er dei som bestemmer kva språk ein får bruke i ulike media.

Bør ein del av redaktørane skjerpe seg?

– Det er iallfall slik at det er stor variasjon i kor stor grad ulike media slepp nynorsken til. Dei mest restriktive media bør kanskje lære av dei som nyttar nynorsk side om side med bokmål, fortel Øvregård.