Hopp til innhold

–Dette er ryggrada i norsk næringsliv

Næringsministeren opna i dag massivtreprodusentfabrikken, Massiv Lust AS i Gaupne i dag. Han trur bedrifta har gode framtidsutsikter.

Trong Giske opnar Massiv Lust AS

RYGGRADA: Næringsminister Trond Giske opna i dag Massiv Lust AS i Luster. Han har god tru på bedrifta.

Foto: Anders Veberg / NRK

– Dette er ein stor dag for dykk, men og ein stor dag for norsk næringsliv. Dei små og mellomstore bedriftene er ryggrada i norsk næringsliv, det sa Handels- og næringsminister Trond Giske då han opna Massiv Lust AS måndag føremiddag.

Idag vart opninga av fabrikken til Massiv Lust AS Fjordvisjon 2 markert i fabrikken på Gaupnegrandane. Dagleg leiar i bedrifta, Alexander Lien, seier det har gått over all forventning.

– Det å sjå at det no vert verkelegheit ut av dette, det er overveldande, seier han.

Vil lukkast

Idag var trehallen fylt med dresskledde folk, kamera og matservering, men snart skal den bli fylt med arbeidarar og tre. Lien har trua på at dei kjem til å lukkast.

– Hovudgrunnen til det er at vi er eit kjempesterkt team, seier Lien.

Opning av Massiv Lust AS Trond Giske Alexander Lien

ALLEREIE KUNDAR: Dagleg leiar, Alexander Lien seier dei allereie har ei kundar i kikkerten.

Foto: Anders Veberg / NRK

Dei er langt frå å vere åleine om å stable selskapet på beina. Det er mange som har eigarskap og dei meiner dei har kome langt for lite pengar.

– Vi har evna til å halde det gåande lenge utan enorm kapitalinnsprøyting, og det at vi også no har ei ordrebok som ser så bra ut, sjølv om vi ikkje har begynt å marknadsføre oss enda, det ser vi på som veldig positivt, seier han.

Forbi «dødens dal»

– Utan slike bedrifter hadde næringsnorge stoppa opp. Tre- og skognæringa har vi levd av i mange generasjonar og vi treng akkurat denne typen bedrifter som dette for å klare oss i framtida innanfor denne tradisjonsrike næringa, seier Giske.

Næringsministeren håpar at bedrifta kjem til å lukkast,

– No er det slik i næringslivet at mange lukkast, og mange gjer det ikkje, men denne bedrifta har kanskje kome gjennom det som ein kallar for dødens dal.

Med det meiner han overgangen frå ein ide og fasen der ein begynner å drive til at dei no investerer i eit stort produksjonslokale.

– Dei har kundar i kikkerten og har store føresetnader for å kunne lukkast i ein bransje som er veldig viktig for oss, seier Giske.

– Ein drivande gjeng

Også ordførar i Luster, Ivar Kvalen er nøgd med å få ei ny bedrift på plass i kommunen.

– Det skaper arbeidsplassar i tillegg til at mange av desse har flytta og busett seg i Luster, men det aller viktigaste er at det syner oss lustringar og sogningar at det går an å få til noko så lenge ein har ein god ide, seie han.

Han meiner dette viser at ein treng ikkje liggje rundt Oslo for å få til gode produksjonslokale og gode bedrifter.

I likskap med Giske har Kvalen trua på at Massiv Lust AS vil gjere det godt.

– Eg er heilt sikker på at dette kjem til å gå bra. Dei er ein drivande gjeng som har vist ufatteleg med energi og pågangsmot som eg set pris på. Eg er heilt sikker på at tre og treforedling er framtida, og at dei har valt Luster til å satse på dette spennande produktet, det er vi veldig glade for, seier Kvalen.

– Eg håpar fleire bedrifter ønskjer å etablere seg i distriktet både i Sogn og Luster, seier han.

Skog er framtida

– Vi har levd av skogen i mange generasjonar, men produkta endrar seg. Det er nettopp slike gründerar som er her, som lagar framtidas produkt som kan gå rett inn i ein meir moderne og miljøvennleg byggenæring som vi treng å utvikle. Det er også framtida for skogen og trenæringa, sa Giske etter opninga av fabrikken.

Han meiner skogsnæringa er ein del av framtida til Norge.

– Vi er om lag 30.000 menneske som jobbar i skog og trenæringa. Det er ein fornybar ressurs og vi skal leve av den også i framtida, meiner Giske.

Opning av Massiv Lust AS

FRAMTIDA: Giske meiner skogsnæringa er ein del av framtida. Mange var i dag samla under opninga av ein ny fabrikk i Luster.

Foto: Anders Veberg / NRK