Det ligg an til store omstillingar i industribygda Høyanger. Hydro vil ikkje modernisere C-hallen, noko som fører til tap av fleire hundre arbeidsplassar. Samtidig vil selskapet Energy Recycling - ERAS - inn i Høyanger, og no får dei altså kraftig drahjelp av Hydro.
ERAS driv med utvinning av sink frå stålstøv. Dei startar opp neste år, og Høyanger vil få kring 45 nye arbeidsplassar. Og mykje pengar frå Hydro. ERAS har allereie fått eit lån på ti millionar, og den gjelda kan bli nedbetalt fort. I følgje Bergens Tidende vil Hydro nemleg betale 400 000 kroner for kvar Hydro-tilsett som går over til ERAS.
Verken Hydro eller ERAS vil kommentere saka, på grunn av at avtalen ikkje er endeleg. Men i løpet av oktober skal avtalen vere klar.