NRK Meny
Normal

Vil ikkje kaste gode moreller - gir vekk seks tonn gratis

Har du lyst på store mengder moreller? Då blr du ta turen til Lærdal grønt, for dei gir vekk seks tonn - heilt gratis.

Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt

GIR VEKK MORELLER: Dagleg leiar Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Morellbøndene i Lærdal har hausta i alt 150 tonn i år, og det aller meste av dette hadde topp kvalitet. Men eit lite kvantum er utsortert, seier dagleg leiar Harald Blaaflat Mundal i Lærdal Grønt.

– Det er ikkje god nok kvalitet til å selje det som ferskvare, men det er for gale å kaste alle desse morellene. Difor ber vi folk kome og hente dei og prøve ut ulike oppskrifter og matrettar av moreller, i håp om å finne nye produkt som vi kan jobbe vidare med.

Konkurranse om beste produkt

Det einaste vilkåret for å få moreller er at det vert laga eit produkt av eller med desse morellene, og at prøver av produktet blir levert til Lærdal Grønt.

Det blir óg ein konkurranse om å lage dert beste produktet. Dei tre beste blir kåra på Haustmarknaden/Smak av Sogn den 27. september. Blaaflat Mundal seier det er mykje som kan lagast av bæra.

– Det kan vere syltetøy eller saft, kanskje ei form for lemonade, juice, dessertar, kanskje ei blanding med andre råvarer. Det er ei av utfordringane med moreller at i seg sjølv er det litt tam smak. Men ved å tilsette andre ting kan du få fram frisk smak.

Samlebandet på morellepakkeriet i Lærdal

UTSIRTERING: Dei morellene som ikkje held topp kvalitet vart utsorterte. No kan folk få dei gratis.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Sit klar ved den raude telefonen

No håpar han at mange tek turen og hentar seg eit kvantum med moreller og kjem tilbake med spennande smaksrøver.

– Ja, no sit vi klar ved den raude telefonen slik at når folk ringer kan vi avklare kor mykje dei treng og når dei kan kome og hente bæra.

Morellsesongen 2014 vart prega av at frost øydela ein del av avlinga natt til 1. mai.

– Vi burde ha hatt 250 tonn, det vart 150 tonn, så det er ikkje bra. Men dei 150 tonna vi lverte var av veldig bra kvalitet på grunn av den fine sommaren, med fantastisk god smak, og det var lite rôteproblem - det var svært lite fuktigheit.

No er Harald Blaaflat Mundal sikker på at sesongen 2015 blir kjempebra.

– Vi er heilt sikre på at neste år blir eit fantastisk år. Det trur vi alltid, og det hender det skjer og. Eg har veldig god tru på at neste år blir eit godt morellår.

Utsorterte moreller på Lærdal grønt

SLIK SER DEI UT: Dette er av morellene som folk kan hente gratis.

Foto: Lærdal grønt
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser