Hopp til innhold

Gir vekk mykje av branngåvene

Givargleda til brannoffera i Lærdal var så stor at det no står over 20 pallar med klede på lager. Men ingenting har gått i bosset, i staden skal andre trengande få ei hjelpande hand.

Ann Kristin Evensen ved Lærdal frivilligheitssentral

SENDER VIDARE: Ann Kristin Evensen ved Lærdal frivilligsentral seier dei ikkje har kasta noko av det som har kome inn. Det som ikkje blir brukt blir sendt vidare til andre trengande.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Ingen veit sikkert kor mykje klede og utstyr som vart samla inn til dei vel 70 menneska som mista heimane sine i storbrannen i januar.

Men leiar for frivilligsentralen i Lærdal, Ann Kristin Evensen, seier dei heilt klart fekk meir enn det var behov for.

– Vi fekk for mykje, det gjorde vi. Men det er betre med for mykje, enn for lite, seier ho.

Palle på palle, nøye sortert

I ein lagerhall i Lærdal viser ho fram palle på palle med klede. Alt er nøye sortert, og pakkar i posar og plast.

– Her har vi alt det som vi fekk inn som vi ikkje har fått nytta oss av så langt, seier Evensen og plukkar fram ein av posane.

– Her er mellom anna ein liten genser, den er varm og god å ha på seg, seier ho.

Den rosa heimestrikka genseren ho har plukka fram er i god stand. Andre klede ho viser fram er så nye at merkelappen framleis heng på.

(Artikkelen held fram under biletet)

Klede og utstyr samla inn til brannoffera i Lærdal

TEK VARE PÅ: Ein del av det som er kome inn blir teke vare på i Lærdal, i tilfelle nokon skulle ha behov for fleire ting.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Folk la ved personlege brev

Kleda og utstyret er ting som folk frå heile landet sende for å hjelpe dei som vart råka av storbrannen på Lærdalsøyri i januar.

– Vi fekk ting i posten frå heilt sør til heilt nord i landet. Det kom ting i lastebilar og i privatbilar, og det var ein enorm omtanke.

– Vi fekk inn svært mykje ting, og det var mange som hadde lagt ved personlege brev der dei skreiv at dei tenkte på oss, fortel leiaren for frivilligsentralen.

For det som skjedde i Lærdal i januar gjorde inntrykk. 19. januar miste over 70 menneske alt dei eigde då eit flammehav gjorde 40 bygningar om til oskehaugar.

Bileta av dei nådelause flammane vekte ei enorm givarglede over heile landet. Klede, sko, kjøkkenutstyr og leikar strøymde inn til frivilligsentralen i bygda. Mengdene var så store at ingen i dag har heilt oversikt over kor mykje som har vore innom dørene.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann i Lærdal

FULL FYR: Til saman 40 bygg gjekk tapt i dei veldige flammane, mange av dei var bustadhus.

Foto: Jan Erikstad

– Varmar langt inn i sjela

Marianne Aarethun Rode og familien var blant dei som mista alt. Ho seier det var heilt avgjerande at andre var villige til å dele av sitt.

– Det hadde og har veldig stor betydning at folk ville hjelpe oss. At folk viste omsorg og hjartevarme for oss, det varmar langt inn i sjela, seier Aarethun Rode.

Over fire månader seinare er ho ikkje i tvil om at innbyggjarane i Lærdal var i tankane til mange, og at det var difor mange sende klede og utstyr til dei som plutseleg stod utan alt.

– Eg trur det er eit resultat av at vi var i hjarta til veldig mange folk, seier ho.

Utstyr og klede samla inn til brannoffera i Lærdal

UTSTYR: I tillegg til klede kom det inn mykje kjøkkenutstyr, møblar, leikar og andre ting.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Sender utstyr vidare til Aust-Europa

Men det kom inn langt meir utstyr enn det innbyggjarane i Lærdal hadde behov for.

I ein nedlagd skule står no nærare 100 pappkassar med klede, i tillegg til mykje leikar, møblar og anna utstyr. Dette vil bli teke vare på i tilfelle folk skulle trenge meir.

I tillegg står over 20 store pallar med klede klare til å bli sendt vidare til Aust-Europa.

– Det var flott å sjå at vi fekk så mykje som vi gjorde. Sjølv om det var store mengder, er det veldig flott å sjå korleis folk stiller opp for kvarandre.

– Det er ingenting som har blitt kasta, og det vi ikkje får brukt her blir til hausten send vidare til Aust-Europa slik at nokon der kan få glede av det.

Branntomt på Lærdal

MISTE ALT: Mange miste alt dei eigde etter at flammane herja på Lærdalsøyri i januar i år.

Foto: Marius Arnesen / NRK