Hopp til innhold

Gir transportfirma 25.000,- i bot

For andre gong på få dagar har Statens vegvesen politimeld eit utanlandsk transportselskap for det dei meiner er ulovleg transport i Norge.

Skreiv ut bot

KONTROLL: Kontrollørane fann ting i dokumenta til sjåføren som gjorde til at dei oppretta sak om ulovleg transport i Norge. (Illustrasjonsfoto).

Foto: Anna Gytri / NRK

Kontrollen av eit estisk vogntog på Statens vegvesen på Håbakken i Lærdal i går viste nemleg at ting ikkje var som det skulle.

Vegvesenet meiner det har gått føre seg ulovleg godstransport i Norge, og har oppretta sak mot firmaet.

Og det blir den andre saka på få dagar politiet får på bordet etter slike kontrollar. Tysdag fekk sjåføren av eit nederlandsk vogntog 30.000 kroner i bot etter at han vart stogga same stad. Han hadde vore lenger i Norge enn det som er lov, og køyrd fleire turar enn reglane gir rom for.

Det er strenge reglar for korleis utanlandske transportørar kan drive transport innanlands i Norge, såkalla kabotasje. Når eit utanlandsk vogntog køyrer inn i Norge med internasjonal transport, kan det etter dette køyre maksimalt tre turar i løpet av ei veke innanfor Norges grenser.

Så må bilen ut av landet. Reglane stiller også krav til at transportane innanlands skal vere av tilfeldig karakter.

Politiet har fredag ettermiddag avgjort saka mot det estiske firmaet som vart stogga i går. Det er skrive ut ei bot på 25.000 kroner. Denne skal vere oppgjort og betalt, og sjåføren har no fått pålegg om å køyre tom ut av landet.