– Vi tenkte at Regnskogfondet, og det som er føremålet til TV-aksjonen i år det har noko til felles med det som også er NoMil si målsetjing, seier dagleg leiar, Svein Ottar Sandal.
Han tykkjer det er fint å kunne få sett fokus på miljø, samstundes som ein samlar inn elektrisk avfall.
To kroner kiloen
– No håpar vi at folk i veke fram mot TV-aksjonen finn fram elektriske artiklar som dei har liggande og leverer dei til våre gjenbruksstasjonane våre, seier Sandal.
NoMil er eigd av dei sju Nordjord- kommunane Selje, Bremanger, Eid, Hornindal, Stryn, Vågsøy og Gloppen. Ved å levere elektrisk avfall på gjenbruksstasjonane denne veka kan nordfjordingane også vere med å støtte TV-aksjonen.
– Ja då er dei både med på å gi desse artiklane ei god og miljøretta handtering, samstundes som dei er med på å gi litt pengar til eit viktig føremål, nemleg å berge regnskogen.
– Kor mykje håpar det å kunne få inn på denne måten?
– Det er vanskeleg å seie, men kanskje 15 000 – 20 000 kroner, seier Sandal.