Hopp til innhold

Gir Sigrid ein soleklar femmar

Sigrid Moldestad haustar lovord for sitt nye album, «Vere her». Musikksjefen i NRK P1, Atle Bredal, let seg imponere og gir glopparen ein soleklar femmar.

Sigrid Moldestad

PERSONLEG: Sigrid Moldestad feirar 10 år som soloartist med ny og personleg plate der ho syng om det ho har sett, høyrt og opplevd så langt i livet.

Foto: Øystein Haara

Den nye plata til Sigrid Moldestad markerer også at ho kan sjå tilbake på 10 år som soloartist. Sjølv seier ho at dette er hennar mest personlege og politiske plate nokon sinne.

– Dette er heil plate med mine tekstar og mine songar, men unnateke av ein song. Elles er det frå mitt indre og bryst alt er henta. Eg er stolt av plata mi, seier Moldestad til NRK då vi møtte henne under platesleppet i Bergen.

Moldestad vedgår at det ikkje er folkemusikaren som har laga «Vere her». Sjølv kallar ho det ei visepop-plate med innslag av både pop og rock.

Imponert musikksjef

Alte Bredal, musikksjef i NRK P1, kallar plata på si side for folkepop. At den representerer ei endring i den musikalske kursen til Moldestad er han einig i, men kor personleg og politisk den er, er han meir usikker på.

Atle Bredal

HAR SANSEN: Musikksjef i NRK P1, Atle Bredal, meiner Moldestad har ei heilt unik stemme.

Foto: Erlend Lånke Solbu/NRK

– Eg kjenner henne ikkje personleg, så det må eg berre ta hennar eigne ord på, at ho har lagt meir av seg sjølv i denne plata. Tekstar er litt vanskelege. Det som kan vere klinkande klart for den som skriv dei, er ikkje alltid like klart for lyttaren. Eg ser ikkje på dette som ei veldig politisk plate. Ho seier sjølv at ho har skrive denne frå hjarte til hjarte. Det synest eg er kjempefint sagt, og det treffer meg, seier Atle Bredal.

– Ho har skrive melodiane sjølv. Korleis synest du dei står saman med tekstane?

– Ho er jo ein fantastisk låtskrivar. Også denne gongen har ho laga sterke melodiar som kler orda hennar veldig godt. Det er det som eg likar veldig godt med Moldestad.

– Unik stemme

– Er det noko spesielt du vil trekke fram som eit ekstra pluss?

– Det er sjølvsagt stemma. Den er klokkeklar og fantastisk. Den er unik. Den klarer å formidle tekstar på ein slik måte at du trur på det.

– Er det noko som du synest trekker ned?

– Ja, det må vere produksjonen. Til tider er det litt forvrengde gitarar og perkusjon og den slags. Innimellom synest eg lydbiletet vert litt trongt, og ikkje så ope og luftig som det vi har vore vane med frå Moldestad tidlegare.

– Står fjellstøtt

– Ho markerer jo samtidig 10 år som soloartist. Korleis synest du Moldestad står som artist?

– Stemma er heilt unik. Du høyrer umiddelbart at det er ho. Det er det ikkje så mange som har. Ho står fjellstøtt. Ho er ein stråande låtskrivar, men ho kan også tolke andre sine låtar på ein personleg og fin måte, avsluttar Bredal.