Hopp til innhold

Gir seg som leiar etter sju år

Per Hilleren har bestemt seg for at han ikkje er kandidat til leiarvervet i Sogn og Fjordane Bondelag ved årsmøtet i mars. – Ein vanskeleg mann å erstatte, meiner leiar i Breim bondelag, Anders Felde.

Per Hilleren

TAKKAR FOR SEG: Per Hilleren tek ikkje attval som leiar for Sogn og Fjordane Bondelag.

Foto: Tor-Erik Humlen / NRK

Den profilerte bondelagsleiaren har hatt vervet dei siste sju åra, men er ikkje kandidat når bondelaget skal finne ny leiar på fylkesårsmøtet 5. og 6. mars.

Anders Felde meiner Hilleren har gjort ein svært god jobb for bøndene i fylket.

– Han har fått mykje mindre konfliktar mellom liten og stor bonde, uansett kva ein driv med, enn det har vore før. Der har han gjort ein kjempejobb. Denne perioden er vi også blitt endå meir synlege i fylket og greitt å markert det positive med å vere bonde, seier Felde.

– Krevjande posisjon

Sjølv gir Hilleren denne forklaringa på kvifor han takkar av:

Anders Felde

ROS: Leiar i Breim bondelag, Anders Felde, rosar Per Hilleren for jobben han har lagt ned for bøndene i fylket.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er ein krevjande posisjon å sitje i, og eg tenkjer at organisasjonen må fornye seg. Så totalvurderinga er at eg ønskjer å trekkje meg og sleppe andre til, seier Hilleren til NRK.no.

– Slit både på deg sjølv og omgjevnadane

Hilleren er klar på at sju år i den krevjande posisjonen for hans del er nok.

– Ligg det noko form for konflikt bak avgjerda?

– Nei, ikkje anna enn at eg ønskjer å la andre overta. Det er ein krevjande posisjon, som tek mykje tid. Eg har mellom anna ein del ting på heimebane som også treng tilsyn, seier han.

Han legg til:

– I denne jobben er du fylkesleiar 24 timar i døgnet – heile året gjennom. Det høyrest kanskje ikkje så gale ut, men du må vere i beredskap heile tida. Det er noko som slit både på deg sjølv og omgjevnadane, seier Hilleren.

– Ikkje berre å knipse

Lokallagsleiaren i Breim trur Hilleren blir ein vanskeleg mann å erstatte.

– Han har vore leiar i mange år, så det er ikkje berre å knipse så er ein ny mann klar, nei. Eg reknar med at valkomiteen har gjort sine vurderingar og sin jobb, så får vi sjå kven som dukkar opp av hatten, seier Felde som etter det NRK kjenner til kan vere ein aktuell kandidat.

– Dette er valkomiteen som må ta seg av, så får vi sjå kva jobb dei gjer. Så skal det veljast på årsmøtet.

– Du har ikkje fått spørsmålet allereie?

– Ikkje av valkomiteen, nei.

Hugsar ikkje så mange negative episodar

Hilleren har vore leiar for bondelaget mellom anna gjennom to brot i jordbruksforhandlingane.

– Kva hugsar du av plussar og minusar i perioden din?

– Det er jo plussane ein hugsar, og det har ikkje vore så mange minusar. Sjølvsagt har det vore tøffe diskusjonar med politikarar og i organisasjonen, men eg ser tilbake på sju år der vi har klart å løfte bondelaget og statusen på jobben bøndene gjer på ein positiv måte. Vi har også vore ein positiv aktør i samfunnsdebatten, seier han.

– Dette er dei mest interessante åra eg har hatt innan organisasjonsarbeid.