Skulle bli eit nytt eventyr – no gir dei seg med torskeoppdrett

Det har vore ein over 10 år lang kamp for å få torskeoppdrett til å lønne seg. No er det slutt for ein av dei siste som driv med dette i Norge.

torsk

HAR IKKJE LUKKAST: Det skulle bli eit nytt lakseeventyr. Men sidan 2000-talet har dei slutta med torsk ein etter ein. No er det over også for oppdrettaren i Vadheim.

Foto: Joachim S. Müller / Flickr.com

Den siste torsken vert slakta til sommaren, seier Petter Bakke i Seamatech i Vadheim.

– Eg trur ikkje vi har andre moglegheiter. For vår del blir det ikkje noko meir utsett av torsk, seier han.

Det skulle bli eit nytt lakseeventyr. Men sidan 2000-talet har dei slutta med torsk ein etter ein. No er det over også for oppdrettaren i Vadheim.

– Med mindre det skulle dukka opp noko aldeles uventa, som ein rik onkel som har lyst å vere med. Men det pleier det ikkje å gjere, seier Bakke.

Torsken blei sjuk

Dei meiner sjølve at dei har knekt koden. Torsken blir større og feitare for kvart år. Det var no dei skulle få betalt for eit tiår med hardt arbeid. Men uventa sjukdom hos torsken vil i staden gje store tap. No treng dei hjelp for å kunne satse vidare.

– For å kunne setje ut for full, så treng vi rundt 30 millionar kroner. Av det har vi sagt at vi skal skaffe to tredelar frå private investorar, seier Bakke.

Får ikkje meir pengar

Nyleg var Seamatech i møte med Innovasjon Norge, i eit siste forsøk på å skaffe til vege dei resterande 10 millionane.

– Det gjekk dårleg. Dei seier det kroken på døra frå deira side og at dei ikkje vil vere med å finansiere meir torskeoppdrett.

Direktør Halvor Flatland, i Innovasjon Norge tykkjer det er synd dei ikkje har fått til torskeoppdrett i Norge.

– Det er ikkje berre dette selskapet som gir seg. Det er brukt millionar på millionar av både kommersielle og offentleg kroner, men det har vi ikkje fått til, seier Flatland.

Vil starte med laks

Sjølv om dei gir seg med torsk betyr ikkje det slutten for selskapet. Petter Bakke seier dei allereie har planar om settefiskproduksjon av laks. Men han tykkjer det likevel er synd er at kompetansen dei har opparbeidd i løpet av ti-tolv år med prøving og feiling kan forsvinne.

– I verste fall forsvinn òg avlsmaterialet i Florø, viss dei ikkje får salg på fisken sin, seier Bakke.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.