– Eg er alltid optimistisk. Dess fleire gonger det blir lagt inn, dess nærare må vi vel kome, seier Stadheim.
Når budsjettforhandlingane startar i morgon har både KrF og Venstre med seg krav om pengar til ei utviding av Vik fengsel.
For mellom 40 og 50 millionar kroner har planen lenge vore å få på plass 30 nye, lukka soningsplassar i Vik. Medan KrF har lagt inn 20 millionar til utvidinga på sitt alternative 2018-budsjettet, krev Venstre 25 millionar kroner i sitt.
– Det er flott at dei gjer det. Eg har veldig trua på at det kan bli stong inn til slutt, så vi kan aldri gje opp, seier Stadheim.
- Les også:
Har vore lova pengar fleire gonger før
Heller ikkje i år har regjeringa funne plass til Vik fengsel når dei har lagt fram sitt forslag til statsbudsjett.
Slik har det også vore dei to siste åra. For fengselsleiaren i Vik har det nesten blitt ein vane å kommentere korleis andre parti har svart med å leggje inn pengar i sine alternative budsjett.
I 2015 stod Ap-politikar Hadia Tajik med spaden i graset utanfor fengselet og ville løyve pengar til utvidinga, medan både Ap, Sp, Venstre og KrF ville ha pengar til fengsel i fjor.
I Vik gir Venstre-leiar Morten Holmberg ikkje opp.
– Vi har jobba med saka i mange år. Det nådde ikkje opp i fjor, men no køyrer vi det fram igjen i årets forhandlingar.
– Billig og enkelt
I regjeringa sitt budsjettforslag ligg det inne pengar for å forlenge avtalen om å leige fengselsplassar i Nederland. I tillegg vil dei bruke over 700 millionar kroner på å byggje nytt fengsel i Agder.
- Les også:
Høgre har tidlegare sagt at leige av fengselsplassar i Nederland er ei mellombels løysing, medan det blir bygd opp betre soningskapasitet i Norge.
– Utbygging av kapasitet i Norge skjer no på Sørlandet, men det må også skje i dei andre landsdelane. Når vi har eit prosjekt klart i Vik, må det vere det billigaste og enklaste å gå for, seier Stadheim.
Han ventar at KrF og Venstre står på krava i forhandlingane, men fryktar at fengselet igjen kan bli ein salderingspost.
Nestleiar Terje Breivik i Venstre seier kravet om pengar til utviding i Vik fengsel er viktig for dei, men vil ikkje vekte det opp mot dei andre krava.
– Det er uråd å seie noko om kor realistisk det er, seier Breivik til NRK.