Hopp til innhold

Gir seg etter 60 år som urmakar

Bjarne Tonning har gleda stryningar med musikken sin i ein mannsalder, men det er som urmakar han har hatt sitt yrkesliv. Nyttårsaftan stengjer han butikken etter 60 år.

Bjarne Tonning

LANGT YRKESLIV: Utlærd både som urmakar og musikklærarar har Bjarne Tonning lagt eit langt yrkesliv bak seg i Stryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Butikken til Tonning ligg i Stryn sentrum. Inne i butikken er det framleis litt armbandsur, veggklokker, nokre gjøkur og to piano igjen. Men det er begynt å tømmast.

– Eg har tenkt å legge ned no. Når eg får selt resten no så er det kroken på døra, fortel han når NRK er på besøk i romjula.

– Er det mogleg å oppsummere 60 år med butikkdrift?

– Stryn har vore ein veldig fin plass i drive butikk. Folk likar å handle og staden har forandra seg med folket, så det har vore ei viss utvikling, seier han.

Inne på verkstaden lengst inn i butikken heng 11 knipetenger i ulik størrelse, pinsett og ei god lampe.

– Det er eit pirkarbeid, men når ein held på med det kvar dag i 60 år så går det greitt, seier han.

Skulle bli musikar – blei urmakar

Bjarne Tonning

GIR SEG: Etter 60 år og 260 selde piano og mange fleire klokker, stengjer han no urmakarforetninga, og skal forsøkje livet som pensjonist.

Foto: Silje Guddal / NRK

Bjarne Tonning var ferdig utdanna urmakar i Oslo i 1954, men det var ikkje urmakar han eigentleg skulle bli. Han reiste til hovudstaden for å gå på Oslo Musikk-konservatorium.

– Eg fekk ikkje den musikklæraren som eg ville ha, eg godtok ikkje han som eg var utplukka til å få, seier Tonning om kvifor det ikkje vart musikk på heiltid i Oslo.

– Eg ville ha ein som heitte Nikolai Dirdal som var« topp boss» på musikk-konservatoriet, men alle ville ha han, seier Tonning.

–Ei råjern til å jobbe

Då Tonning endeleg fekk musikktimar med Dirdal, hadde han starta på urmakarlære. Det førte til lange dagar. Musikktimen fekk han klokka 7 om morgonen, før skulen og læretida som urmakar starta. Ofte vart det seint på kveld før Tonning kom seg heim.

– Eg var eit råjern til å jobbe. Eg budde på Lysaker og sykla til byen. Etter jobb klokka 17 gjekk eg tilbake til musikk-konservatoriet før eg seinare på kvelden sykla til Sinsen. Der hadde eg pianotimar med dottera til Leidulf Lote, leiar i Nordfjordlaget, før eg så sykla heim til Lysaker i 22-23-tida på kvelden, mimrar Tonning.

– Då er ein glad i å spele musikk?

– Ja, det er ein, ler Tonning.

Underviste i mange år

Tonning var ferdig utdanna som musikklærar i 1955, noko som også har vist att i butikken hans.

– Eg har selt 260 piano og 12 flygel i løpet av 60 år, seier Tonning.

Mange har også Tonning hatt pianotimar med, men han har ikkje tal på kor mange timar musikkopplæring han har gitt.

– Det blir ein del timar. Eg var jo også fast musikklærar på ungdomsskulen, og det vart det jo også nokre timar.

– Kva er det som er kjekt med å lære andre å spele musikk?

– Det er når eleven øver og vert flinkare. Dersom det står stilt og han ikkje vert nokre betre for kvar time, så er det ikkje kjekt. Så det er mykje dritarbeid med pianoundervisning og, seier Tonning og ler.

– Ein må ha tolmod altså?

– Ja, det må ein ha! Skal ein bli god må ein verkeleg øve. Det kan ikkje diskuterast. Eg er litt skuffa over kor få som har gjort noko ut av det. Men ein skal konkurrere mot fotballen, mot ski og skøyter. Alt skal vere så morosamt i dag, påpeikar Tonning.

Øvde i alle temperaturar

Tonning underheldt andre med musikk så tidleg som i 1943. Då var han med på å lage revy og dette var første gong han spelte på piano.

– Før det hadde eg berre ein salmesykkel som eg spelte på.

På den tid var det ikkje så mange som hadde piano i Stryn.

– Det var hotella, prest og doktor som hadde piano, men heldigvis hadde vi også eit ungdomshus som hadde eit piano. Der øvde eg i alle temperaturar, seier Tonning.

Musikken har betydd mykje

Seinare vart han organist i kyrkja i Stryn. Ein jobb han hadde i 46 år.

– Det var fordi det var ingen andre som kunne gjere det. Nokre gongen har det gitt ein noko, men så er ein veldig bunden på grunn av jobben, seier han, og minnes at kvar julaftan måtte han vere i Stryn, klar til å spele under gudstenesta første juledag.

– Kor mykje har musikken betydd for deg alle desse åra?

– For ikkje å seie alt, så veldig mykje, seier han.

Medan NRK er på besøk er det fleire som kjem innom butikken. Lokalavisa Fjordingen skreiv om at han skulle slutte, og sidan har det blitt mange besøk. Folk vil ta han i handa og takke han for innsatsen.

– Det er veldig hyggeleg kan du skjønne. Det har vore forbausande mykje besøk, seier Tonning.

Var redd for kjede seg

I butikken til Bjarne Tonning har ein kunne kjøpe armbandsur, vinylplater, vekkarklokker, gjøkur og platespelarar, piano, flygel og andre musikkinstrument. Men etter 60 år er det altså slutt.

Han kunne ha pensjonert seg mist på 90-talet, men trur han då berre hadde kjeda seg.

– Tida som pianist i Sogn og Fjordane storband er eit av høgdepunkta når Tonning ser tilbake på 60 år med musikk. Det var moro. I kyrkja var det mindre svinging, men det var moro det og.

Fekk slitasjegikt etter iherdig øving

Då Bjarne Tonning vart enkemann for nokre år sidan, brukte han mange timar ved pianoet kvar dag.

– Eg gjekk laus på pianoet då kona døyde. Eg øvde intenst på Früøingsrauschen av Sinding som har nokre intrikate løp, forklarar Tonning.

Stykket spelast i tillegg berre på dei svarte tangentane på pianoet, så Tonning pådrog seg slitasjegikt, som han slit med enno.

– Korleis vert det å ikkje skulle gå på arbeid?

– I første omgang trur eg det vert litt deilig, men ein vert fort lei. Det er ikkje så lenge ein klarar å variere fritida si. Eg trur at eg kjem til å finne meg ein måte å bedrive tida på. Spele litt piano og reparere litt gamle, avlagde klokker som har ein verdi i seg sjølv, seier Tonning.

Bjarne Tonning

GLAD I MUSIKK: Bjarne Tonning vil halde fram med å spele når han pensjonerer seg.

Foto: Silje Guddal / NRK