Hopp til innhold

Gir pengar til forskingssenter

Bremanger kommune vil gje ein million kroner til Måløy Marine Ressurssenter. Det skriv Fjordenes Tidende. Ordførar Audun Åge Røys (H) og politikarane i Bremanger er positive til å støtte Måløy Marine Ressurssenter. Saka skal i dag behandlast i formannskapet i Bremanger.

Audun Åge Røys, ordførar i Bremanger
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK