Hopp til innhold

Gir pengar til å berge Astrup si hytte

I skuggen av Astruptunet har kunstnaren Nikolai Astrup si hytte stått til nedfall. No skal også denne kulturskatten i Jølster takast vare på.

Nikolai Astrup - Hytte

KULTURMINNE: Denne hytta brukte Nikolai Astrup til å trekke seg vekk, og søke inspirasjon.

Foto: Line Lyngstad / Kulturminnefondet

– Det er eit viktig kulturminne som har betydning både for kommunen, regionen, og til og med for heile nasjonen Norge.

Det fortel direktør i Kulturminnefondet, Simen Bjørgen. Han har i dag vore i Jølster og overrekt ei pengegåve til eigarane av hytta, Elisabeth og Kari Astrup.

Simen Bjørgen - Direktør - Kulturminnefondet

VIKTIG: Simen Bjørgen, dir. Kulturminnefondet seier hytta spelar ei vesentleg rolle i historia til Nikolai Astrup.

Foto: Tom Gustavsen / Kulturminnefondet

Hytta, som tidlegare har vore ukjent for befolkninga, skal no setjast i stand etter antikvarisk prinsipp. Det vil sei at den skal stå fram i mest mogeleg autentisk tilstand, for så bli opna opp for publikum. Prosjektet er ein del av dei andre satsingane som er knytt til Astrup.

– Det er ein viktig del av heilskapen som er med å fortelje ei veldig viktig historie, seier Bjørgen.


Eit steg nærmare målet

Eigarane av hytta, Elisabeth og Kari Astrup, fekk fredag 634.000 kroner av Kulturminnefondet for arbeid mot bevaring av hytta. Sjølv kunne dei ikkje vere til stades under overleveringa av gåva, men Kari Astrup sa på telefon til NRK at ho tykkjer dette var veldig positivt.

– Det høyrast bra ut. No er vi på god veg til å få kunne realisert prosjektet, og det er vi veldig glade for. Så no ventar vi i spenning på svar frå dei andre instansane som vi har søkt støtte frå.

Bjarne Sunde tok i mot tildelinga som representant for familien.

Simen Bjørgen - Bjarne Sunde - Stig Nordrumshagen - Astrup-hytte

FEKK MIDLAR: Dir. for Kulturminnefondet, Simen Bjørgen (t.v.) tildelte Bjarne Sunde, representant for Astrup-familien, midlar for å berge hytta. Stig Nordrumshagen (t.h.) var representant frå fylkeskommunen.

Foto: Line Lyngstad / Kulturminnefondet

Rømde til hytta for å bli inspirert

Bjørgen fortel at hytta, som ligg ved Sanddalselva i Jølster, spelte ei viktig rolle for biletkunstnaren.

– Det var hit Astrup rømde for å få fred og inspirasjon.

Hytta er no i dårleg forfatning, men skal etter å ha blitt reparert, stillast til rådigheit for eit formidlingsopplegg i regi av Sogn og Fjordane Kunstmuseum, avsluttar Bjørgen.