NRK Meny
Normal

Gir overskotet av VEKAO til "Dråpen i havet"

Torsdag 16 februar arrangerer studentane i Sogndal auksjon. Overskotet vil dei gi til «Dråpen i Havet» som driv hjelpearbeid blant båtflyktningar som kjem til Hellas.

Flyktningeleir på Lesvos

VIL HJELPE: Studentane i Sogndal arrangerer auksjon til støtte for båtflyktningane som kjem til dei greske øyane.

Foto: privat

– Vi har tradisjon for å gi overskotet til veldedige føremål. Tidlegare har vi blant anna støtta kreftforeininga, denne gongen kunne vi tenke oss å gi pengane til dei som hjelper flyktningar, seier Ingvil Loftesnes Kvåle som er sjef for VEKAO.

Dermed fall valet denne gongen på «Dråpen i Havet» som hjelper båtflyktningar som kjem til Hellas. På auksjonen blir det auksjonert vekk gåver som studentane får frå næringslivet i Sogndal, men og tenester.

Ingvil Loftesnes Kvåle

AUKSJON: Ingvil Loftesnes Kvåle er sjef for VEKAO i Sogndal.

Foto: Privat

– Det kan vere alt frå vask av hybel eller bil, eller ein middag for to som vi lagar til, seier Loftesnes Kvåle.

Alle dropar tel

Sjefen for VEKAO i Sogndal torer ikkje gjette på kor mykje dei kan få inn, men for dei som skal få pengane betyr slike dropar alt.

– Det er eit heilt fantastisk initiativ, seier Trude Jacobsen som er generalsekretær i «Dråpen i Havet».

Organisasjonen vart starta i september 2015 som eit resultat av flyktningkrisa i Hellas. Tusenvis av båtflyktningar strøymde, og strøymer framleis til landet. Mange av dei bur under svært kummerlege forhold i uoffisielle flyktningleirar.

Sidan oppstarten har «Dråpen i Havet» hatt 2500 hjelpearbeidarar frå 35 ulike land i Hellas for å hjelpe flyktningar.

– I «Dråpen i Havet» baserer vi alt arbeidet vårt på støtte frå private og slike initiativ som studentane i Sogndal står bak, så det betyr svært mykje for oss, seier Jacobsen.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy