Hopp til innhold

Gir nytt liv til parkeringshusveggar

SOGNDAL (NRK): – Eg hatar grå vegger. Det er ikkje fint å sjå på, seier senterleiar Wilhelm Tangerud på Sogningen Storsenter.

Geir Rauan

STOR FLATE: Kunstnar Geir Rauan har mange kvadratmeter å jobbe med.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Då senterleiaren ville gjere noko med veggane i parkeringshuset i Sogndal, tok han kontakt med kunstnar Geir Rauan.

– Eg hadde sett noko av kunsten hans frå før, og spurte om han ikkje ville finne på noko spennande, seier Wilhelm Tangerud.

Resultatet er to motiv på to vegger, eitt av Sogndalsfjøra sett frå Kjørnes Camping, og eitt av Marifjøra.

– Eg angrar ikkje på at eg spurte, seier Tangerud.

Geir Rauan

SMÅPLUKK IGJEN: Geir Rauan held på å måle Feigumfossen.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Må opp i stillas for å måle

– Det ligg nokre timar med arbeid bak bileta, det skal eg ikkje legge skjul på, seier kunstnar Geir Rauan.

Veggen der han har måla Mariføra er nesten tre meter høg og sju meter brei, og Rauan meiner det står att ein del finplukk. Men dette er arbeid han kosar seg med.

– Det er veldig takknemleg å måle det i nattmodus. Det er gode fjell, gode former å måle etter, seier han.

Vil live opp fleire grå vegger

Wilhelm Tangen

FORNØGD: Det grå parkeringshuset har fått kunst på veggane. Det synest Tangerud er flott.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Senterleiar Wilhelm Tangen, som også er styreleiar i handelsforeininga i Sogndal, er svært nøgd med korleis parkeringshuset har blitt friska opp.

– Eg ville veldig gjerne at det skulle vere lokale motiv frå Sogn, og eg synest at resultatet er flott.

No har han begynt å planlegge kva som skal skje vidare på kunstfronten.

– Vi får sjå kva vi gjer framover, eg har jo fleire grå vegger, seier han.

Geir Rauan

STORT FORMAT: Veggen der han har måla Mariføra er nesten tre meter høg og sju meter brei,

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK