NRK Meny
Normal

Får statlege millionar til å realisere planane om hotell i skrekkfilm-sanatoriet

LUSTER (NRK): Det enorme, gamle sanatoriet Harastølen får no nær fire millionar kroner i støtte frå staten. Dermed er planane om eit av landets mest spesielle hotell nærare ei realisering.

Harastølen

FÅR MILLIONAR: Det gamle sanatoriet på Harastølen i Luster får no statleg støtte. Det kan realisere planane om hotell.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Det er Kulturminnefondet som no har gitt Harastølen 3,8 millionar i støtte. Ein sum som er den største fondet nokosinne har gitt til verneverdige kulturminne i Norge.

Ein av dei som er svært glad for dei statlege midlane er Terje Svindland. Han er prosjektleiar for planane om eit hotell i det gigantiske bygget, som ligg som eit ørnereir fleire hundre meter over Lustrafjorden.

Frå skrekkfilm til hotell

– Dette blir ein fantastisk plass å byggje eit hotell. No står kulissene der og det er jo berre å ta dei i bruk til det som kan bli eit av dei mest spesielle hotella i Norge. Om alt går etter planen så håpar vi at vi kan kome i gang i alt i løpet av i år, seier Svindland.

Det 116 år gamle bygget vart mellom anna nytta som sanatorium for tuberkulosesjuke i mange år, før det seinare blei sinnsjukeasyl og til slutt asylmottak. Dei siste åra har folk valfarta til Harastølen for å gå i dei skumle gangane på spøkelsesjakt. Skrekkfilmen "Villmark 2" blei også spelt inn der.

Harastølen

PUSSAR FASADEN: Det store bygget er no avstengd for publikum. Men friske millionar kan få fart på planane om oppussing.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Nasjonalt minne

Det er kraftselskapet Tinfos frå Notodden som eig bygget og direktør Øyvind Odden er særs nøgd med at noko no kan skje med rivingstruga sanatoriet.

– Det betyr mykje for oss at Kulturminnefondet har vurdert bygget som eit nasjonalt kulturminne som er bevaringsverdig. Dette gjør prosjektet med Harastølen hotell enda meir realistisk.

Harastølen

RUVAR: Det er planar om å byggje hotell og restaurant i det gamle sanatoriet.

Foto: Helge Leirdal