Hopp til innhold

Gir ikkje opp kampen for Yasmin - ankar saka til Høgsterett

Avgjerda om å sende den tidlegare sexslaven Yasmin ut av landet, vert anka. Det stadfestar Wenche Hovland, som er ein av dei næraste støttespelarane til kvinna.

Wenche Hovland

ER IKKJE OVER: – Kampen for at Yasmin skal få bli i Norge er slett ikkje slutt, seier Wenche Hovland, leiar ved Sogn og Fjordane krisesenter og ein av støttespelarane

Foto: Inger Marie Norstrøm / NRK

Det var i Brennpunkt-dokumentaren «Fortell og forsvinn» at den tidlegare sexslaven Yasmin fortalde historia si.

For fem år sidan klarte ho å rømme frå bakmannen etter 15 år som tvangsprostituert. Ho kom då til Krisesenteret i Sogn og Fjordane i Florø, og trudde ho var trygg.

Men UNE har no fått medhald i lagmannsretten om at Yasmin skal sendast ut av landet.

Skal sendast til Ungarn

I tråd med Dublin-avtalen vert Yasmin då send til Ungarn, som er det landet ho vart registrert som asylsøkjar i.

Lagmannsretten fann ikkje at kvinna var særskilt sårbar, og nytta seg såleis ikkje av unntaksregelen, noko Hovland reagerer sterkt på.

Ho er klar på at dei vil anke avgjerda til Høgsterett.

– Advokaten sit no og førebur saka for Høgsterett, seier Hovland.

Dei har hyra inn ein advokat som har særs god kunnskap om denne saker.

Afrikanske kvinner blir grovt utnyttet som sex-slaver i Europa. Da Yasmin meldte seg for norsk politi, var hun 27 år, analfabet og så syk at hun neppe noen gang kunne få en normal jobb. Hun flyktet fra en mann som har traffikert henne Europa rundt som sex-slave. Norske politikere lover at de som våger å vitne om sine bakmenn skal få beskyttelse, men Yasmins framtid er like usikker nå som da hun var tvunget til å leve som prostituert.

Held fram så lenge det er håp

Men det er ikkje gitt at dei får prøve saka si for Høgsterett. Viss så skulle skje, vil dei ha saka opp i Menneskerettsdomstolen.

– Dette handlar om menneskerettar. Vi går vidare med saka så lenge det er håp. Vi kan ikkje gje opp. Og vi kan ikkje sjå på at eit menneske går til grunne. Dette er ei skam for Norge, seier Hovland.

Ho seier at Yasmin tek avslaget på opphald i Norge svært tungt.

– Yasmin har det forferdeleg. Ho er fortvila og vil berre døy, seier Hovland.

Ho legg til at kvinna er sjuk og slett ikkje i stand til å ta seg av seg sjølv, og meiner dette er godt dokumentert.

– Det er ubegripeleg for meg at unntaksregelen ikkje skulle gjelde, seier Hovland.

Har starta kronerulling

Yasmin er pålagd å betale sakskostnadar på vel 220.000 kroner. I tillegg har Krisesenteret kosta advokat i dei to sakene.

– Vi har betalt for advokaten hennar, for ho har ikkje fått fri rettshjelp. Og advokaten som har jobba med saka har gjort utruleg mykje utan å få ei krone betalt. Utan henne kunne vi aldri køyrt saka, seier Hovland.

Krisesenter har brukt av midlar som dei har fått opp gjennom åra, øyremerka til juridisk hjelp. Men no er også denne potten tom.

Har fått utsett utsendinga

Likevel trur Hovland det skal late seg gjere å få på plass pengar slik at saka kan førast vidare.

– Vi er avhengige av at folk bidreg. Det er allereie folk som har starta innsamlingsaksjon, og mange har teke kontakt med oss i dag, seier Hovland.

Dei har klart å få til utsett iverksetjinga av utsending.

– Ho skal få lov til å vere i Norge til saka er avgjord i siste rettsinstans, seier Hovland.