Gir ikkje opp håpet
Politiet vil ikkje gi opp leitinga etter 37 år gamle Christer som har vore sakna sidan 9. mai. I morgon ettermiddag leiar politiet eit nytt søk i området rundt Haukåsen, og i hovudsak i området rundt elva skriv Sogn Avis. – Men det er openbert at vi no er i ferd med å gå inn i ein sluttfase. Det trur eg dei fleste forstår, seier lensmann Arne Johannessen til avisa.