Hopp til innhold

Gir ikkje opp friarbreva til Vågsøy

Kommunestyra i Eid og Selje gir ikkje opp Vågsøy i ein storkommune i Nordfjord.

Tre ordførarar i Eid, Vågsøy og Selje

PÅ'AN IGJEN: Det er ikkje første gang at ordførarane i Eid og Selje, Alfred Bjørlo (t.v.) og Stein Robert Osdal (t.h.), sender friarbrev til Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (H) og hennar politiske miljø.

Foto: kollasje/NRK

Vågsøy kommune er kan snart velje og vrake i friarar. Før helga utsette kommunestyret spørsmålet om å bli med Flora i Kinn kommune.

No dumpar nok eit friarbrev frå nabokommunane Eid og Selje inn i innboksen.

– Det er tre kommunar som i utgangspunktet høyrer saman. Vi har allereie eit godt samarbeid på mange område, og det er under ein time mellom dei tre sentra. Dette er tre kommunar som naturleg høyrer saman, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

Vil vere tydelege

Invitasjonen til Vågsøy vart sendt i kveld etter eit felles kommunestyremøte mellom Eid og Selje i Fosnavåg. I friarbrevet viser politikarane til at dei tre kommunane i dag utgjer ein samanhengande bu-, arbeids- og serviceregion, der folk samhandlar til dagleg.

Kommunestyra i Eid og Selje gjev forhandlingsutvala fullmakt til å forhandle fram ein intensjonsavtale mellom Eid, Selje og Vågsøy. Dersom ein ikkje klarer å bli samde om ei ny intensjonsavtale mellom desse tre kommunane med godkjenning i dei respektive kommunane innan 1. juni 2017, så gjeld dagens intensjonsavtale mellom Eid og Selje slik avtalen ligg føre.

Osdal er tydeleg på at politikarane i Eid og Selje ynskjer å samle dei tre kommunane.

– Vi registrerer at dei utsette handsaminga av Kinn kommune, og vi er samde om at vi vil vere tydeleg på at vi ynskjer ein god prosess med Vågsøy, seier Osdal, som truleg blir leiar for fellesnemnda for den nye kommunen.

– Har respekt

Osdal avviser derimot at dei vil kuppe ein eventuell Kinn kommune.

– Vi har respekt for den prosessen dei har og vil ikkje blande oss inn i partipolitikken. Dei må gjere sitt val ut frå dei premissane dei har, men det er viktig for oss å presisere at døra vår står open, seier han.

Eid og Selje meiner utviklingspotensial i dei tre nordfjordkommunane er større enn ein kunne leggje til grunn tidlegare. Mellom anna på grunn av Havmeldinga som regjeringa la fram førre fredag.

Kan bli kystby

I friarbrevet skriv Eid og Selje:

«Måløy har etter vårt syn eit stort potensial for å vere "kystbyen" i Nordfjord som vi arbeider for å styrke regionalt og nasjonalt når det gjeld utdanningstilbod, statlege arbeidsplassar og ny næringsverksemd knytt til kysten og havet.»

Dei peikar også på at det er sterkare økonomiske verkemiddel frå Storting og Regjering for samanslåing av tre kommunar, enn av to kommunar.

Ber om møte

Mellom anna 10,3 millionar kroner meir i eingangsstøtte til Eid/Selje/Vågsøy enn til både kommunane Flora/Vågsøy og Eid/Selje.

I brevet ber dei Vågsøy om eit møte, slik at dei «i eit godt og positivt klima kan sjå kva som skal til for å forhandle fram ein intensjonsavtale mellom Eid, Selje og Vågsøy».

– Signalisert no er at vi vil møte Vågsøy med opne kort og så er det viktig å få Vågsøy i tale og spørje kva som må til for å få ei avtale, seier Osdal.