Dagleg leiar for Sifon Seafood, Synnøve Herstad, seier dei no treng litt tid til å vurdere situasjonen. Avgjerda er mellom anna avhenging av kva skjeldyrkarane sjølve meiner, seier ho.
Styret i Innovasjon Norge brukte den nye avgiftingsmåten Fjord Shell i Davik er i ferd med å få til når dei valde å satse i Nordfjord, sa Halvor Flatland etter styremøtet tysdag.
Løyser berre litt av giftproblema
Synnøve Herstad i Sifon Seafood kjøper ikkje det argumentet heilt og fullt.
- Dei kan avgifte berre ei av algegiftene, medan det er fleire algegifter som er eit problem for næringa. Dessutan er det mange stader i Sogn og Fjordane som ikkje har giftproblem og er opne store delar av året, seier Herstad.
Hard konkurranse
Men blåskjelproduksjonen her i fylket er så liten at den knapt kan halde liv i eitt mottak. Herstad innser at det blir hard konkurranse dersom dei blir to.
- Men det som er spørsmålet er korleis ein klarer å omsette desse skjela i marknaden, og det er vår sterke side, seier Herstad.