Regionlensmann Åge Løseth seier at dei likevel vil gjere nye framstøyt for å få avhøyre den trippeldrapssikta denne veka.
– Vi fekk beskjed om at sikta ikkje såg seg i stand til å gjennomføre avhøyr med oss denne veka heller. No skal vi likevel gjere nye forsøk, men det står att å sjå kva vi får til, seier lensmannen.
Nektar avhøyr
I tillegg til å drepe bussjåføren og dei to passasjerane, påførte sørsudanaren i 30-åra seg sjølv fysiske skader under dramaet på Valdresekspressen.
- LES OGSÅ:
Mannen har vore innlagt på psykiatrisk sjukehus og har så langt nekta å la seg avhøyre.
Løseth seier at han heller ikkje kjenner til om dei har fått kontakt med kameraten til den drapssikta. Same dag som trippeldrapet skjedde, vart han sendt til Italia.
– Vi jobbar framleis med å kome i kontakt med han, seier Løseth.
Over 100 avhøyr
Regionlensmannen seier at etterforskinga går sin gang etter planen, men vil ikkje kommentere kva opplysningar dei har fått i saka.
Det er sett ned ei eiga etterforskingsgruppe som jobbar med saka. Så langt er det gjennomført over 100 vitneavhøyr.
– Mange vitne er avhøyrde både to og tre gonger. No har vi jobba med saka i to-tre veker og vi byrjar sjølvsagt å danne oss eit bilete. Men enkeltopplysningar går vi ikkje ut med på noverande tidspunkt, seier han.