Hopp til innhold

Gir grønt lys til vindkraftverk

NVE har gitt grønt lys til to vindkraftverk i Gulen. I kystkommunen er reaksjonane delte, og det kan bli aktuelt å klage på vedtaket.

Slik blir Brosviksåta vindpark sett frå Eivindvik

SLIK BLIR DET: NVE har gitt grønt lys til utbygging av vindkraftverk på Brosviksåta. Slik vil det sjå ut frå Eivindvik.

Foto: Foto og visualisering: Mari-Ann Ekern, Rambøll

– Eg er veldig skuffa, seier Bjarte Undertun som er leiar for Venstre i Gulen.

Han er ikkje nøgd med avgjerda til Norges Vassdrags- og Energidirektoratet om vindkraft i kommunen.

I dag har NVE nemleg gitt løyve til vindkraftverka Brosviksåta og Dalsbotnfjellet i Gulen. Sandøy vindkraftverk har ikkje fått løyve.

– Oppsiktsvekkjande

Dei tre vindkraftprosjekta i Gulen har vore høgst omstridde. På Brosviksåta er det planar om 35 møller, medan det på Dalsbotnfjellet er planar om 39 møller.

I slutten av mars sa kommunestyret ja til vindkraftutbygging på Brosviksåta, men nei til prosjekta på Dalsbotnfjellet og Sandøy. At NVE gir løyve til eit prosjekt kommunestyret sa nei til fell i dårleg jord hos Bjarte Undertun.

– Dette er veldig oppsiktsvekkjande. At dei seier ja til vindkraftverk også på Dalsbotnfjellet, og ikkje berre på Brosviksåta som kommunen gjekk inn for.

– Eg er veldig skuffa over at dei går imot kommunen si innstilling, og eg meiner difor kommunen må klage på vedtaket, seier Venstre-politikaren.

Gler seg over vedtaket

Ei utbygging av dei to vindkraftverka vil samla gje om lag 740 GWh med ny kraftproduksjon kvart år. Dette svarar til straumbruken til om lag 37.000 husstandar.

Ein som derimot gler seg over NVE sitt vedtak er gruppeleiar for Høgre i Gulen, Arve Mjømen.

– Eg gler meg for det første over at vi har fått ja til to anlegg i Gulen.

– No er det slik at fleirtalet i kommunestyret sa ja til Brosviksåta, men ikkje til Dalsbotnfjellet, Men eg er glad for at NVE ser desse i samanheng, dei to prosjekta ligg så tett inntil kvarandre at det kan gje litt effekt, seier Mjømen.

Ordføraren er overraska

Senterparti-ordførar i Gulen, Halvard Oppedal, seier han er overraska over NVE si avgjerd.

– Eg er overraska over at dei går for utbygging på Dalsbotnfjellet, for det var det prosjektet kommunestyret var sterkast imot. Der gjekk vi imot med 15 mot seks røyster, og NVE har tidlegare sagt at dei vil rette seg etter kommunane i slike saker, seier Oppedal.

NVE skriv i ei pressemelding at dei har lagt vekt på at vindkraftverka er viktige bidrag for å oppfylle politiske mål om auka satsing på fornybar kraftproduksjon i Norge.

For prosjektet på Dalsbotnfjellet har dei valt å avgrense utbyggingsomfanget, dette gjer dei ved å ta ut elleve av dei planlagde 50 vindmøllene.

«Dette reduserer dei visuelle verknadane for nærliggande busetnad, støy og skuggekast og for naturmangfaldet i området», skriv NVE i pressemeldinga.

– Vil vurdere å klage

Bjarte Undertun i Venstre meiner ordføraren no må ta saka vidare og klage på vedtaket. Det kan bli aktuelt, stadfestar Oppedal.

– Vi må ta det opp i kommunestyret kor vidt vi skal anke avgjerda, det er kommunestyret som må bestille om vi skal gjere det eller ikkje, seier han til NRK.no.

– Kvifor er det så problematisk med ei utbygging på Dalsbotnfjellet?

– Det er eit veldig stort urørt område, og det ligg dessutan like ved Brosviksåta. Såleis får du samla mange vindmøller i eit konsentrert område, det vil vere eit stort inngrep i naturen og det blir veldig synleg, seier Sp-ordføraren.

NVE grunngjev avslaget for vindkraftplanane ved Sandøy vindkraftverk med «ut frå ei heilskapleg vurdering, der samla verknader for naturmiljø, friluftsliv og landskap er vektlagt, avslår NVE søknaden».