Hopp til innhold

Gir grønt lys for sjukehussal

Styret i Helse Førde gjev si velsigning til at sjuekhusbygget i Florø kan seljast til Flora kommune.

Florø sjukehus

TIL SALS: Helse Førde går god for å selje sjukehusbygget i Florø i tråd med intensjonsavtalen som er gjort med Flora kommune.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Bystyret i kystkommunen har vedteke at dei vil kjøpe bygget for maksimalt fem millionar kroner.

Det kan skje under føresetnad av at Helse Førde har eit omfattande tilbod av spesialisthelsetenester i byen.

– Helse Førde legg til grunn den intensjonsavtalen som har vore inngått mellom Flora kommune og Helse Førde. Det er det som ligg i den intensjonsavtalen som er vårt utgangspunkt, seier styreleiar til Jorunn Ringstad.

Sprik mellom uttalar

Jorunn Ringstad

LEIAR: Jorunn Ringstad er styreleiar i Helse Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sjukehusbygget har den siste tida skapt intern politisk uro i Flora. Nyleg stod helsepolitisk talsmann for Venstre i Flora, Halvor Halvorsen, fram og kravde at Helse Førde auka aktiviteten i Florø.

Han peika mellom anna på kirurgisk poliklinikken som nyleg vart nedlagt.

– Det må nesten Flora kommune avgjere, for eg også føler det er litt sprik mellom uttalar frå politikarar i Florø, seier Ringstad.

Helse Vest avgjer

Helse Førde gav grønt lys for sal av bygget, og sender saka vidare til handsaming i Helse Vest. Det er dei som fattar det endelege vedtaket.

I intensjonsavtalen skal Helse Førde plikte seg til å lokalisere einskilde tenester i kommunen som motyting for at kommunen overtek bygningsmassen. Ringstad opplever ikkje at det er konflikt mellom denne avtalen og det Helse Førde ynskjer i Flora.

– Ut frå dei tala som ligg, dei føresetnadane i intensjonsavtalen og det at Helse Førde no sender saka vidare, så håpar vi å få ei avslutning i saka, seier ho.