Hopp til innhold

Gir bort gratis snø på finn.no

Jo Marius Bøyum frå Fjærland er så lei snø at han gir den bort gratis på finn.no.

Gir bort snø på Finn

GIR BORT: Jo Marius Bøyum vil gi bort snøen på eigedomen sin.

Gir bort snø på Finn

SNØ: Jo Marius Bøyum er lei all snøen.

Foto: Jo Marius Bøyum

I vinter har det snødd meir enn vanleg, noko fjærlendingen Jo Marius Bøyum har sett seg lei på. Han har rett og slett fått nok.

– Eg er drit lei all snøen for å vere heilt ærleg. Eg har fått nok, meir enn nok, seier Bøyum til NRK.no.

«Dette er kvalitetssnø av dei sjeldne»

Bøyum lagt ut ei annonse på nettstaden finn.no der han gir tydeleg uttrykk for at han lengtar etter sommar og sol. Han skriv at han har eit område med eit areal på 820 kvadratmeter. Han skriv vidare:

«På dette området er det mykje snø! Fersk snø! Eg har ikkje bruk for denne snøen lengjer, so no gjir eg den vekk. So lengje du kjem å hentar den.»

Han skriv vidare: «Dette er kvalitetssnø av dei sjeldne»

– Det er så mykje snø at eg ikkje veit kor eg skal gjere av den, seier Bøyum.

– Vi ser ikkje ut vindauget lenger

Jo Marius Bøyum

LEI: Jo Marius Bøyum

Han har brukt fleire timar på å måke snø frå taket på huset sitt i tillegg til all snøen på eigedomen hans.

– I den eine stova kan vi ikkje sjå ut vinduage lenger. For vi ser rett inn i snøen. Det er veldig frustrerande å berre sjå snø over alt, seier Bøyum.

– Veit du kor mykje tid har du brukt på snømåking?

– Eg har brukt ein del tid på det. Men eg har ikkje brukt stoppeklokke for å seie det sånn, for det hadde vore endå meir demotiverande, svarar han.

Har fått respons

Bøyum har fått nokre epostar etter at han la ut annonsa på Finn. Men han seier han ikkje veit kor seriøse dei er.

– Eg reknar ikkje med at nokon vil ha snøen, seier han humoristisk.