NRK Meny
Normal

Gir blaffen i at dei rykkjer rett ned

Eid er i ferd med å rykkje ned med eit purungt mannskap, men bryr seg ikkje nemneverdig om det. No tenkjer nordfjordingane berre på spelarutvikling.

Eid - Florø

SATSAR UNGT: Trenar Bjørn Totland har ikkje fått spelt så mange kampar han kunne ha tenkt seg denne sesongen. Eidarane har stilt med eit desto yngre lag i serien.

Foto: Stig Høynes

– Vi bryr oss ikkje om at vi ligg sist. No har vi på ein måte starta oppkøyringa mot seriestart neste år, seier trenar Bjørn Totland.

Sjølv har han vore skadd store delar av haustsesongen, og berre fått bidrege frå sidelinja. Med eit svært ungt mannskap styrer Eid mot eit soleklart nedrykk i 3. divisjon.

I kampen mot topplaget Kristiansund sist helg hadde startellevaren ein snittalder på berre 16,9 år...

Kan få fleire unge spelarar i seniorfotballen

Og Eid er ikkje åleine om å ha mange unge spelarar i seniorfotballen. NRK har tidlegare fortalt om nedgangen i tal seniorlag i lokalfotballen, og at svært mange unge fotballspelarar flyttar for å ta utdanning andre stadar.

Det kan i sin tur også medføre at spelarane på seniornivå i snitt blir yngre.

– Det kjem mange spelarar opp frå aldersbestemt nivå. Er klubbane flinke, kan dei då klare å stille seniorlag, seier Yngve Håkonsen i Sogn og Fjordane Fotballkrets.

Inga krise å måtte spele ein divisjon under

Bjørn Totland vart sjølv henta heim til Eid for å hjelpe til med å berge klubben frå nedrykk frå 3. divisjon i 2012. Saman med andre «leigesoldatar» fekk han dekt utgifter til heimreise frå Oslo eller Bergen. Men det heldt ikkje til ny kontrakt .

Då han tok over som trenar bestemte han at Eid berre skulle bruke folk som bur og trenar i lokalmiljøet, og suksessen kom i form av eit nytt opprykk. Men no har klubben igjen mista mange spelarar. Tilbake står dei unge og lovande.

– Vi held oss til modellen med at spelarane skal bu og trene på Eid. Vi ser konsekvensen av det no. Men det er også veldig positive sider ved det, seier Totland.

Han held fram:

– No bryr vi oss ikkje om at vi ligg sist, men tenkjer berre på spelarutvikling. Vi ser etter positive ting i kampane, og er veldig fokuserte på å gjere spelarane våre betre. Det er inga krise at vi må spele i 4. divisjon neste år.

Satsar mykje hardare på barnefotballen

Han håpar fleire klubbar heng seg på den same tankegangen, og at fleire satsar meir på sine eigne og unge spelarar. På sikt trur han det vil gi resultat. Og at det kan bli ein haug med «juniorlag» i seniorfotballen.

– Vi må byrje med satsinga i barnefotballen, ta vare på alle som er med og få opp store kull. Då må vi gjere ein jobb med trenarane. Og der ligg nøkkelen til å stabilisere seg i 3. divisjon, meiner Totland.

– Det er veldig spennande å jobbe med fotballen på Eid no. Med fokus på spelarutvikling, og ikkje resultat, så vil vi bli betre på sikt, seier han.