NRK Meny
Normal

Gir Ap og Sp skulda for region-skepsis

Stortingskandidat for Høgre Frida Melvær gir retorikken til Senterpartiet og Arbeidarpartiet skuldar for skepsisen som innbyggarane i Sogn og Fjordingar har til eitt Vestlandsfylke.

Frida Melvær

KJEMPAR FOR REGION: Frida Melvær er stortingskandidat for Høgre i Sogn og Fjordane.

Val

– Eg full forståing for at folk har blitt urolege den seinare tida med tanke på den retorikken som Senterpartiet og Arbeidarpartiet fører i denne saka, seier Frida Melvær som er førstekandidaten til Høgre i Sogn og Fjordane.

Blant Høgre-veljarar seier 57 prosent at dei vil ha eit Vestlandsfylke. Det er høgst av alle parti. Men over 40 prosent seier nei.

Totalt seier 64 prosent av dei spurde i ei meiningsmåling nei til eit storfylke med Hordaland.

Har ikkje gitt opp kampen

– Vi skal desentralisere i staden for å sentralisere. Vi må gjere om vedtak som er feil, seier stortingskandidat for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete.

Liv Signe Navarsete

KJEMPAR MOT REGION: Liv Signe Navarsete er stortingskandidat for Senterpartiet i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

Navarsete har ikkje gitt opp kampen om å få gjort om på vedtaket om samanslåing, som er fatta både i fylkestinget og Stortinget.

– Kan ikkje Vestlandsfylket vere ei sterk motmakt mot eit enda sterkare Austland og Oslo?

– Viss dette hadde vore heile Vestlandet, frå Møre og Romsdal til og med Rogaland, så kunne vi begynt å snakke, men om Hordaland får ein utkant, som i realiteten Sogn og Fjordane vil bli, så har det null å bety i den samanhengen, seier Navarsete.

Vil samle Vestlandet mot veksande Austland

I Høgre er Melvær sikker på at dersom dei klarar å skape ei haldning om at ei samanslåing mellom Hordaland og Sogn og Fjordane handlar om oss, og ikkje vi og dei, så vil det bli gode prosessar framover.

– Vi får gode synergiar ved ei samanslåing, ikkje minst ved at Vestlandet vert sterkare i møte med eit stadig veksande Austland, seier Melvær.

Ho meiner Arbeidarpartiet vinglar i denne saka.

– Dei er ikkje lenger det styringspartiet dei har hatt tradisjon for å vere. Dei går tilbake på det meste i møte med motstand i staden for å stå fast på dei reformene som er vedtekne i Stortinget

Seier nei

Torbjørn Vereide i studio

KREV NYE OPPGÅVER: Torbjørn Vereide er fylkespolitikar for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Torbjørn Vereide frå Arbeidarpartiet sa tysdag til NRK at Ap vil røyste nei til storfylke dersom saka kjem opp att i Fylkestinget.

– Dersom det ikkje kjem tydlege signal om nye oppgåver og nye funksjonar til Sogn og Fjordane.At det berre er nye kart frå kartverket, så skal svaret vere nei, seier Vereide.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.