NRK Meny

Gir 600.000 til EM i vektløfting

Kulturdepartementet gir 600.000 kroner til EM i vektløfting som blir arrangert i Naustdal neste månad. – Arrangørane har teke på seg ei stor og spanande oppgåve når dei inviterer fleire hundre deltakarar frå heile verda, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland. Pengane frå departementet skal gå til å innkjøp av utstyr. Etter meisterskapen skal dette utstyret fordelast på vektløftingklubbar i fleire regionar.

Linda Hofstad Helleland
Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen