Gir 1,5 millionar til sommarhus

Sommarhuset Heimdalstrand i Balestrand er vinnaren når politikarane delte ut midlar til freda bygningar i Sogn og Fjordane.

Sommarhuset på Heimdalstrand

FEKK MEST: Dette sommarhuset i Balestrand fekk 1,5 millionar.

Foto: Arlen Bidne/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Hovudutvalet for næring og kultur hadde den 15. mars eit møte der det blei delt ut tilskot til freda bygningar og anlegg i fylket frå statsbudsjettet. Sogn og Fjordane fylkeskommune har fire millionar til rådvelde i 2016.

I tillegg kjem ei førehandsløyving for 2017 på ein million kroner. Midlane blir fordelt på 14 prosjekt.

Det blir fokusert på istandsetjing av dei freda bygningane i fylket, men også til kulturlandskapet rundt Kaupanger hovudgard.

Den største summen gjekk til Sommarhuset på Heimsdalstrand i Balestrand. Målarinna Emma Normann Pastor eigde huset, og på hausten 2015 blei det starta ei fredingssak for eigedommen.

Tilskot for 2016:

Vonens hus, Fjaler kommune

kr. 600 000

Våningshuset på Nedre Kvamme, Lærdal kommune

kr. 670 000

Heimdalstrand, sommarhuset, Balestrand kommune

kr. 1 500 000

Heimdalstrand, atelier/stabbur, Balestrand kommune

kr. 170 000

Tingvoll bustadhuset, Stryn kommune

kr. 180 000

Kaupanger hovudgård, kulturlandskapet Sogndal kommune

kr. 175 000

Kaupanger hovudgård, hovudhuset, Sogndal kommune

kr. 50 000

Bu i Haukedalen, Førde kommune

kr. 25 000

Restaureringsleiar for freda bygg

kr. 400 000

Sanitetsbunker i Måløy, Vågsøy kommune

kr. 150 000

Brannsikring i Lærdal (Hansegarden)

kr. 80 000

Sum tildelt tilskot for 2016 var

kr. 4 000 000

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.