Hopp til innhold

Gir 100-årsjubilant nybygg til 150 millionar i gåve

Firda Seafood feirar dotterselskapet med ei av sine største investeringar nokosinne.

Firda Seafood byggjer nytt i Gulen

BYGGJER STORT: Firda Seafood satsar 150 millionar kroner på 3500 nye kvadratmeter på Byrknesøy. Det er dotterselskapet, og «bursdagsbarnet» Martin E Birknes Eftf som skal drifte anlegget.

Foto: Firda Seafood

Selskapet har i dag 60 tilsette på Byrknes. Med kapasitetsauken vil dei trenge nærare 50 fleire dei næraste åra. Ikkje ubetydeleg for eit øysamfunn med kring 600 innbyggjarar.

To nye bygg til 150 millionar kroner vil gi nær 3500 ny kvadratmeter i bruksareal.

– For oss er dette som ei bursdagsgåve til dotterselskapet Martin E Birknes Eftf AS, som fyller 100 år i år. Det sikrar arbeidsplassar og vi reknar med å måtte tilsetje nye. Dette skal hjelpe oss inn i den nye tida, konstaterer konserndirektør for industri og sal, Tore Larsen.

Klart i august neste år

Ola Braanaas og Tore Larsen

SATSAR: Ola Braanaas er grunnleggaren av Firda Seafood. Her saman med konserndirektør for industri og sal, Tore Larsen (t.h.).

Foto: Privat

Planane gjorde dei kjende måndag morgon gjennom ei pressemelding.

Selskapet, som er ein betydeleg produsent av Fjord Ørret i Noreg, byggjer nytt mottaksanlegg, ny filetfabrikk, ny innfrysingslinje og fryselager på Byrknesøy i Gulen.

– Søknadsprosessen er i gang og området vi skal byggje på er så godt som ferdig planert. Vi håpar å starte bygginga i februar 2020. Då har vi moglegheit til å vere klare i august 2020, seier Larsen.

Nysatsing i Gulen

Konserndirektøren seier investeringa tek Firda Seafood inn i ei ny tid.

Mottaksanlegget blir eitt av dei første i sitt slag i Noreg. Mottakskapasiteten blir 250 tonn fisk i kjøletankar.

Larsen seier stadig meir av fisken blir levert ferdig bløgga, altså tømt for blod.

– Då må ein ha mottaksapparat for å ta imot den. Tiltaket vil ha ei rekkje fortrinn knytt til kvalitet og fiskevelferd, og ein vil langt på veg eliminere smitterisiko ved transport av levande fisk frå oppdrettsanlegg til slakteri, seier han.

Meir foredling heime

Konsernet har ikkje tidlegare hatt filetfabrikk. Han får ein dagleg kapasitet på 50 tonn.

– Vi har stor tru på å tilverke meir av fisken her i Noreg, framfor å sende den ut som råvare. Ein er komen veldig langt i automatiseringa av prosesseringsutstyr, og så er det definitivt eit miljøaspekt her, seier Larsen.

Konserndirektøren seier at etterspurnaden frå internasjonale kundar aukar. Det betyr også behov for ny innfrysingslinje og fryselager.

– Dei blir viktige i framtida. Asiatane tek imot mykje fryseprodukt, og vi ynskjer å auke kapasiteten frå 35 tonn til 125 tonn. Det er ein betydeleg auke, seier Larsen.

For å bøte på dei sesongmessige variasjonane i produksjonen, investerer verksemda i nytt fryselager der første byggjetrinn gir ein lagerkapasitet på 1500 tonn filet og heilfisk.