Hopp til innhold

Gir opp Kjenndalsstova

Vegen til Lodalen og Kjenndalsstova i Stryn kommune er framleis stengd, og no har eigarane av turistkafeen bestemt seg for å gi seg med drifta.

 

Kjenndalen
Foto: Torje Bjellaas / NRK

Etter at det gikk eit ras over vegen til Lodalen og Kjendalen for snart to år sidan har vegen til kjendalstova og breen vore stengt.

Nye jobbar

- Det har vore stengt i to sesongar, og vi har teke til i nye jobbar begge to, og i tillegg er vi byrja å bli litt slitne, dårlege til beins, så difor har vi valt å selje, seier Karin Magenbauer.

Stadig utsett opning

Det var venta at vegen skulle bli opna tidlegare i år, men opninga har stadig blitt utsett. Det har vore tøft for ekteparet Magenbauer, som driv Kjenndalsstova.

- Ei stor belastning

- Det har vore frykteleg slitsamt, det er ei stor belastning. Det at vi ikkje veit, vi går og håpar, kanskje vegen opnar i mai, kanskje i juni, heile tida er det blitt utsett. Så må vi ringe til dei som har bestilt og fortelje om nye utsettingar, det har kanskje vore den største belastninga.

- Litt vemodig

Magenbauer seier at det også har vore tøft økonomisk. Det blir no rekna med at Kjenndalsvegen blir opna til hausten, så til neste sesong er det mogeleg for turistane å kome fram til kafeen, men då blir det utan ekteparet Magenbauer som eigarar.

 - Det er litt vemodig og, for det er ein fantastisk plass, og det er veldig mange hyggelege gjester, og cruiseselskapa har vore så velviljuge og hjelpsame og positive. Dei seier at vi kjem att neste år, de må berre opne så kjem vi att, så difor er det vemodig å gi seg.