NRK Meny
Normal

Gilde vil støvsuge kjøtet

Gilde Førde skal til å støvsuge kjøtet for å unngå at det blir infisert av til dømes e.colibakteriar, fortel driftssjef Jakob Sætre. 

Jakob Sætre
Foto: NRK Sogn og Fjordane

- Ja, vi har investert i ein såkalla dampsugar, som i prinsippet går over skrotten og den eventuelle forureininga som vi ikkje kan sjå. Steamen drep bakteriane som så blir sugde inn i ein lukka beholdar.     

- Metoden er utprøvd i Danmark og har gitt gode resultat hjå danskane.

Kostar to millionar

Heile Noreg vart rysta av e.coli-skandalen tidlegare i år. Det var Gilde sine produkt som var forgifta, og dei har i ettertid slite med tilliten. Investeringa kjem til å koste omlag to millionar kroner

Viktig å synleggjere alvoret i mattryggleik

Sjølve slakteprosessen er hovudsakleg som før. Men Sætre fortel at dei etter e.coli-saka må ta problematikken på alvor.

- Eg har vore i bransjen sidan 1963 og aldri tidlegare sett noko liknande e.coli-saka. Difor må vi no ta eit skikkeleg ansvar for å sikre mattryggleiken.   

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.