Hopp til innhold

Giganttap for Førde

Fekk 10 baklengs mot Vålerenga 2.

Knut Erik Folland
Foto: Vidar Gudvangen / NRK

- Punkt 1, me møter eit veldig godt lag, seier førdetrenar Knut Erik Folland på spørsmål om korleis det vart 10-1-tap.

- Er ikkje til stades

Men sjølv om Vålerenga stilte med fleire fyrstelagsspelarar, er Folland klinkande klar på at det ikkje var hovudgrunnen til giganttapet.

- Punkt 2, me går til kampen med heilt feil strategi, og det skal eg ta skulda for.

Bernt Norevik skåra det som - utan overdriving - må kallast eit trøystemål då han reduserte til 5-1. Etter det kom altså fem Vålerenga-skåringar til.

- Punkt 3, me er ikkje til stades; eg gjer ikkje det eg skal og spelarane gjer ikkje dei dei skal, held Folland fram.

- Denne set me ein stor, svart strek over

Difor tapte altså Førde 10-1, og no vil Folland gløyma. Fort.

- Dette var heilsvart og denne kampen skal me setja ein stor svart strek over. Me må revansjera oss fort, og har fem dagar fram til møtet med Frigg. Dei skal me bruka godt.

Førde ligg no på 10.plass i 2.divisjon med likt mange poeng som Vålerenga 2. Det er sju poeng til nedrykk og fire kampar att for førdianarane.