Hopp til innhold

Flytande luksusgigant på tur i fylket

Eit av dei største cruiseskipa som i år gjestar Vestlandet, er i desse dagar på tokt i fylket.

"Ventura" i Vågsfjorden

RUVAR: På veg ut Vågsfjorden i Vågsøy er «Ventura» ei majestetisk dame.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

"Ventura" ved kai i Flåm

FLÅM: «Ventura» fotografert ved kai inst i Sogn onsdag.

Foto: Torje Bjellaas (mms) / NRK

MS «Ventura» er med sine 113.000 bruttotonn eit av verdas største cruiseskip.

På Wikipedia si liste over verdas største, figurerer «Ventura» på ein 27. plass, men berre 3000 tonn skil den frå 17. plassen.

Måndag stal kollossen utsikta til bebuarar ved Dokkeskjærskaien i Bergen. Onsdag fanga ei NRK-linse skipet ved kai i Flåm, og i dag på Kristi himmelfartsdag vart «Ventura» fotografert i Vågsøy på veg frå Olden til Geiranger.

Cruiseskipet har kapasitet til 3100 passasjerar fordelt på 1550 kabinar, og mangedobla dermed innbyggjartalet i både Flåm og Olden under sine besøk i vestlandsbygdene.

"Ventura" i Vågsfjorden

NÆR 300 METER: 3100 passasjerar får plass i om bord i cruiseskipet.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK

Med sine 290 meter frå baugen til akterenden er det likevel nokre centimeter opp til verdas største cruiseskip, Royal Caribbean Internationals «Oasis of the Seas», som med sine 225.000 bruttotonn og 362 meter vart sjøsett i 2009. Ventura har derimot plass til fleire passasjerar enn det noko større og verdskjende cruise-ikonet Queen Mary 2.

«Ventura» vart sjøsett i 2008. Om bord kan gjestene bevege seg på 14 av totalt 18 dekk, spise i åtte restaurantar, shoppe i seks butikkar, svømme i fem basseng og la seg underhalde i tre lounger, mellom anna den største teaterscenen på eit britiskeigd skip, ifølgje Wikipedia. Skipet som er eigd av P&O Cruises i Southampton i England, er registert på Bermuda.

"Ventura"

TIL GEIRANGER: «Ventura» forlet Nordfjord med kurs mot Geirangerfjorden.

Foto: Bjarne Eldevik / NRK