Hopp til innhold

Gigantprosjekt utsett eit halvt år

Naustdal kommune meiner det er naudsynt med ein ny høringsrunde om gruveplanane i Vevring.

Steinbrotet i Engebøfjellet

OMSTRIDD: Nordic Mining sine planar om rutilutvinning i Engebøfjellet ved Vevring i Naustdal er svært så omdiskuterte. No ønskjer Naustdal kommune å utsetje saka i eit halvt års tid.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

- I høyringsprosessen har det komme fram så mange nye opplysingar, at vi meiner saka må ut på ny høyring, opplyser konstituert rådmann Rolf Kalland til Bergens Tidende.

Seinast på eit folkemøte om gruveplanane for berre nokre veker sidan signaliserte kommunen at reguleringsplanen skulle opp for kommunestyret allereie før sommarferien. Men med ein heilt ny høyringsrunde, blir det truleg eit halvt års utsetjing.

Må ta stilling til arbeidsplassar

Nordic Mining har planar om gruvedrift i Engebøfjellet ved Vevring i Naustdal kommune.

Det børsnoterte selskapet ønskjer å investere 1,5 milliardar kroner i utvinning av mineralet rutil, som mellom anna vert nytta som kvitningsstoff i maling og tannkrem. Det som gjer planane så omstridde, er at selskapet vil kvitte seg med overskotsmassen frå gruva i eit gigantisk fjorddeponi.

På den andre sida vil gruva kunne gje kommunen opp mot 180 arbeidsplassar i ein periode på 50 år.

Artikkelen held fram under biletet

Jan Herstad (t.v.) og Ivar S. Fossum

HAR PLANAR: Ivar S. Fossum og Nordic Mining vil investere 1,5 miliardar kroner i gruvedrift i Engebøfjellet, men møter krass motstand frå naturvernarar i området.

Foto: Rune Fossum, NRK

Ny sak for politikarane i juni

Under folkemøtet i Naustdal om gruvedrifta åtvara Jan Helge Fosså frå Havforskingsinstituttet mot prosjektet, og kalla det hinsides all berekraft.

Men naustdalsrådmannen vil ikkje gå inn å kva det er for nye opplysingar som gjer at det er naudsynt å sende saka ut på ny høyring.

- Vi vil leggje fram ei sak for planutvalet i kommunen i juni. Då skal politikarane få eit fullt oversyn over kva moment vi meiner gjer det naudsynt med ny høyring, seier Kalland til Bergens Tidende.

Ifølgje rådmannen er nabokommunen Askvoll samd i avgjerda. Også her skal politikarane ta stilling til planane i reguleringsplanen.