Hopp til innhold

Gigantbygg blir ny samlingsplass i Sløvåg

Om du reiser forbi Sløvåg i Gulen vil du garantert lette merke til noko nytt. Eit gigantisk næringsbygg er straks klart for opning.

Vidsyn, Sløvåg sitt nye næringsbygg opnar om to veker.

VIDSYN: Det nye næringsbygget i Sløvåg skal huse hotell, butikkar, konferanselokale og næringsaktivitet.

Foto: Elias Engevik

– Bygget inneheld alt ein treng frå ein er fødd til ein dør. Her er handel, arbeidsplassar, kontor og hotell. Ein kan sove, feste, halde selskap, gravferd, konfirmasjon og dåp i bygget, fortel prosjektleiar, Tore Halsvik.

Om to veker er det klart for stor opningsfest i det nye bygget på tre etasjar som husar over 250 rom. Alle dei store industriverksemdene i Sløvåg har kontor i bygget. Ein matvarebutikk, blomsterbutikk, gåve- og interiørbutikk er også på plass. Dersom det blir gjeve løyve til Vinmonopol i kommunen, så kjem det også inn i det store bygget.

– Vi treng ein stad alle kan vere, der kundar kan kome inn utan å gå inn i industrihamna. Så utvikla den tanken seg, og vi såg behov for overnattingsplassar. Når vi først har hotellet, så kan det brukast til mykje meir, trur Halsvik.

Tore Halvsik, prosjektleiar for Vidsyn, er spent før bygget offisielt blir opna.

SPENT: Tore Halsvik, prosjektleiar for bygget, held på med siste sjekkrundane av bygget. Alt må vere perfekt før den offisielle opninga.

Foto: Elias Engevik

Trur det blir ny tidsrekning i Sløvåg

Hotellet har 60 rom med plass til 80 gjester, og allereie frå vinteren av vil det vere mange som nyttar seg av tilbodet. Då vil spolebasen truleg utnytte all kapasiteten til hotellet.

I andreetasje ligg dei fleste kontora og ein held også på å bygge opp ein velværedel med massasje, fotterapi og treningssenter.

– Etter kvart som tida går trur eg folk vil snakke om før og etter dette bygget. Det blir ein samlingsplass, ikkje berre for dei som arbeider her, men for alle som er tilknytt det. Og folk vil stikke innom, prate og kose seg, seier Halsvik.

Ei av dei som allereie har vore innom og er glad for at tilbodet er på plass, er Rita Bøe.

– Det er veldig fint å dette rett utanfor stovedøra. Det er kort veg, og no kan vi ta julehandelen her, seier ho.

Rita Bøe gler seg over å ha fått eit nytt næringsbygg i bygda.

HANDEL: Rita Bøe er ein av innbyggjarane som gler seg til å ta i bruk det nye gigantiske næringsbygget i Sløvåg.

Foto: Elias Engevik

Også for dei som arbeider i butikkane får det nye bygget mykje å seie.

– Eg vart overraska over kor stort og flott der var. Det blir sosialt her, med mange kollegaer og vi treff kundane betre, trur Irene Vildberg, som driv blomsterbutikk i bygget.

Det er travle dagar for dei involverte fram mot opning. No skal dei sørge for at alt i bygget er i tipp topp stand og akkurat slik ein hadde sett føre seg.

– Alt må vere perfekt til den store opninga, fastslår Halsvik.