Hopp til innhold

Gigantanlegg kan gje 100 nye arbeidsplassar

– Det kjem til å bli ei storstilt utbygging, seier partnar i Nekst AS, Kjell Aasen.

gigantutbygging

VERDAS STØRSTE: Etter planen skal gigantanlegget byggjast like utan for Florø.

Florø-firmaet Nekst AS har signert ein intensjonsavtale som vil skape 100 nye arbeidsplassar i Sogn og Fjordane.

kjell aasen

NYE ARBEIDSPLASSAR: Det nye gigantanlegget vil gi 100 nye arbeidsplassar, seier partnar i Nekst AS, Kjell Aasen

– Vi har jobba med dette lenge, så vi er veldig nøgde med at intensjonsavtalen er i boks. Dette vil gi mange, langsiktige arbeidsplassar for regionen, seier Aasen.

Han fortel at planen er å bygge verdas største landbaserte oppdrettsanlegget for laks i Florø og utvikle offshorebasert oppdrett i Solund.

Anonymt samarbeid

Samarbeidsavtalen er gjort med ein stor europeisk matvareprodusent som har laks som satsingsområde. Dei nye partnarane vil førebels vere anonyme.

– Vi har god tru på at vi har funne gode samarbeidspartnarar. Det er ein fordel at dei driv både innan matproduksjon og innan sal til konsumentar, seier Aasen.

Han meiner landbaserte oppdrettsanlegg vil gje dei betre kontroll på produktet og seier at det er noko dei nye eigarane set pris på.

– Ei vitamininnsprøyting

Jan Heggheim

– VITAMININNSPRØYTING: Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane, seier til NRK at prosjektet vil bety mykje for Flora og Solund.

Kommunestyret i Solund godkjente nyleg samrøystes ei samarbeidsavtale med Nekst, der det blir lagt til rette for Nekst sitt konsept med nedsenkbare merdar i Lågøyfjorden, skriv Nekst i ei pressemelding.

Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane, seier til NRK at han er positiv til prosjektet.

– Ja, dette er veldig bra. Det er sjeldan ein har så store investeringar som det handlar om her.

Han seier prosjektet vil bety mykje for både Flora og Solund.

– Dette blir ei verkeleg vitamininnsprøyting. Det blir mykje sysselsetting.