Hopp til innhold

Satsar fleire hundre millionar i gamle fabrikklokale

Med ei investering på fleire hundre millionar kroner, er Nergård AS klar til å skape ny aktivitet i den gamle sildoljefabrikken i Måløy.

Ulvesund formelfabrikk

OPNAR: Over nyttår startar Nergård opp ny sildoljefabrikk ved Ulvesundet i Måløy.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Målet er å opne dørene i januar neste år, noko konsernsjef Tommy Torvanger meiner skal gå greitt.

– Det blir spennande og hektiske månader. Det er veldig mykje som skal falle på plass og gjerast, men vi har ein plan på det, seier han.

Godt eigna

Tommy Torvanger

KLAR: Tommy Torvanger, opphavleg frå Bremanger, er konsernsjef i Nergård.

Foto: Arild D. Moe/nrk

Det nordnorske fiskerikonsernet står bak det som vil bli ei kjærkomen industrietablering i Måløy når dei startar opp sildolje- og fiskemjøl-produksjon i lokala til den tidlegare sildoljefabrikken ved Ulvesundet.

Torvanger meiner Måløy er godt eigna for etableringa.

– Måløy er godt plassert i høve til fiskefelta. Vi vil også frakte kutt frå produksjonen vår i Nord-Norge. Så er det mykje kompetanse i Måløy på fisk og sjømat, seier han.

15 arbeidsplassar

Nergård har investert fleire hundre millionar kroner i anlegg og utstyr. Satsinga vil gje nær 15 varige arbeidsplassar, men Torvanger seier verksemda har sett seg ytterlegare mål i Nordfjord.

Morten Hagen

NØGD: Ordførar Morten Hagen (H) ynskjer nyetableringa hjarteleg velkomen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Planen om å byggje eit sildemottak på tomta er høgst levande.

– Men det er lenger framme i tid, seier Torvanger.

Vil ha sin del av veksten

Satsinga varmar ordførarhjartet til Morten Hagen (H). For fiskerinæringa er venta å vekse med fleire titals milliardar kroner dei kommande åra.

Hagen vil meir enn gjerne sjå Vågsøy få sin del av veksten.

– For Måløy er det ekstremt viktig og for heile regionen her er det viktig. Dette er med på å stadfeste posisjonen som ein av fiskerihovudstadane i landet, seier Hagen.