Hopp til innhold

Monica skal først sykle 430 km over tre fjell – og så gifte seg i målområdet

Medan dei fleste bruder ladar opp til bryllaupsdagen i frisørstolen der dei vert sminka og pynta etter alle kunstens reglar, har Monica Storhaug heilt andre planar. Ho skal først sykle 430 kilometer Jotunheimen rundt – og så gifte seg etter målgang.

Skal gifte seg

RETT ETTER MÅLGANG: Monica Storhaug og kjærasten gifter seg rett etter målgang på Jotunheimen rundt neste laurdag.

Foto: privat

Neste laurdag vert sykkelrittet Jotunheimen rundt arrangert for 24. gong. Rittet går frå Lærdal over Filefjell, Valdresflya og Sognefjellet og tilbake til Sogndal.

Og etter denne kraftprøven skal altså Storhaug og kjærasten smiast i hymens lenkjer.

– Eg og kjærasten tykte det høyrdest ut som ein kjempegod idé, og den kom vi på førre veke, kvitrar Storhaug, som kjem frå Dal og syklar for Råholt CK/Reaper racing.

Fridde på Facebook

Eigentleg starta det heile med ein spøk for sosionomen, som til dagleg jobbar som miljøterapeut på Vesong ungdomsskule.

– Kjærasten min fridde på Facebook, og då lurte vi på om vi ikkje berre skulle ta det heilt ut. Og så lurte vi på korleis vi skulle gjere det, seier Storhaug.

Kjærasteparet er begge ihuga syklistar, og var klare på at ein stor bryllaupsfest ikkje var greia for dei.

Monica Storhaug

TRIVST PÅ TO HJUL: Monica Storhaug brukar all ledig tid, innimellom jobb og born, til å trene på sykkel.

Foto: privat

– Vi syklar jo heile tida, og difor tenkte vi: kvifor ikkje? seier Storhaug.

Ho har ikkje teke stilling til om ho skal unne seg noko ekstra pynt etter målgang i høve giftemålet.

– Eg veit ikkje. Det vert kanskje det. Det er ikkje hemmeleg lenger, så vi må kanskje leggje nokre planar, seier Storhaug.

Har kontakta tinghuset

Men tida er knapp. Torsdag er det tempo-NM, laurdag er det Trondheim-Oslo, og då minkar det raskt på kor mykje tid ein har til rådvelde.

– Vi tek det som det kjem. Eg trur det vert bra, eg, seier Storhaug.

Den ihuga syklisten brukar all ledig tid på å sykle, og likar seg spesielt godt når ho syklar Jotunheimen rundt.

At ho kjem til å vere for sliten til giftarmål når ho har kryssa mållinja, har ho ikkje tru på.

– Vi har kontakta tinghuset, og dei stiller med nokon som har mynde til å vie oss, seier Storhaug.

Den kommande ektemannen vert med som følgjemann i rittet, for å passe på at ho får i seg det ho skal av både vått og tørt på turen.

Men brudekjole vert det ikkje...

Planen er at når paret passerer Sognefjellshytta, så vert det ringt til Sogndal og gitt beskjed om at brudeparet ikkje er all verdas langt unna.

– Så ordnar vel ting seg når vi kjem i mål, seier Storhaug.

Planen er å gifte seg i målområdet, rett etter målgang.

– Alt skal skje i sykkeltøy og i målområdet, seier Storhaug.

Fleire av vennene til paret kjem også til å delta på Jotunheimen rundt, og då er tanken at det vert ein hyggeleg middag på Sogndal hotell etterpå. Men fest vert det ikkje.

– Nei, eg trur ikkje vi skal kalle det det. Vi har ikkje så veldige planar. Vi har berre lyst til å ha det hyggeleg, seier Storhaug.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jotunheimen rundt

GOD UTSIKT: Jotunheimen rundt er rekna som eit av dei tøffaste, men også eit av dei vakraste sykkelritta i Norge. Her med utsikt til Hurrungane.

Foto: Jotunheimen rundt

Vil slå rekorden

Ho har tapt sjela si i Jotunheimen rundt, og ser verkeleg fram til å tråkke dei 430 kilometrane over dei tre fjellovergangane Filefjell, Valdresflya og Sognefjellet.

– Det er eit fantastisk fint ritt, og vi gler oss masse. Og så tenkte vi at vi gjer litt ekstra ut av det i år, seier Storhaug.

No må det seiast at Storhaug ikkje er ei heilt A4-brur på noko vis. Ho er litt meir oppteken av sykling enn snittet. Til no har ho over 100 registrerte ritt, mest stolt er ho over fem NM-medaljar, to i gull, ein i sølv og to i bronse.

Ho stiller ikkje opp i Jotunheimen rundt for å slengje rundt i løypa. Tvert om har ho eit hårete mål om å slå rekorden i dameklassen.

– No har eg for så vidt prøvd på det nokre gonger før, men i år skal eg klare det, seier Storhaug.

Svima av på Sognefjellet for to år sidan

Då må ho sykle dei 430 kilometrane på under 14 timar og 34 minutt.

– Eg må sykle så fort eg klarar. Men eg skal klare det, seier Storhaug.

Og der kjem den kommande ektemannen, som skal vere følgjeperson, inn i biletet.

– Det var det som skar seg for to år sidan. Eg gløymde rett og slett å ete, så etter ti timar og 43 minutt så svima eg av på Sognefjellet. Men då var rekorden innan rekkjevidd, seier Storhaug.

Ho er fast bestemt på at ein slik tabbe ikkje skal skje igjen.

– Vi skal stoppe på matstasjonane og klemme i oss mat. Dette blir bra, seier Storhaug.