NRK Meny
Normal

Gifta seg på oktoberfestscena

STRYN (NRK): Dei trefte kvarandre på oktoberfest for to år sidan. I dag gifta dei seg på scena i Stryn.

Nygifte på oktoberfest

IMPROVISERT: Siri Ann Åsebø ante ikkje at ho i dag skulle stå på scena under oktoberfesten i Styn og gifte seg med Tommy Lundmark.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Eg synest det var både passande og kjekt å skulle gifte oss her på scena to år etter at vi møttest her for første gang, seier Tommy Lundmark frå Sandane.

Eigentleg gifta han seg med ålesundsjenta Siri Ann Åsebø i tingretten i Førde i går, men markeringa i dag var viktig seier han.

– Vi møttest på første benk for to år sidan. Sidan har eg tenkt at om vi skal gifte oss så skal det vere ein vri på det. Og ingenting passa vel betre enn å gjere det på scena her, seier Lundmark og legg til:

– Vi har gode minner herifrå. No er vi her for andre gong og då som nygifte. Det er heilt nydeleg.

Viser fram gifteringar på oktoberfest

NYGIFTE: Her viser Siri Ann Åsebø og Tommy Lundmark fram gifteringane sine etter å ha gifta seg på scena under oktoberfesten i Stryn.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Spontanbryllaup

Lundmark fortel at dagens oktoberfestbryllup ikkje var noko han hadde tenkt på lenge.

– Det var heilt impulsivt. Eg likar å overraske, seier Lundmark.

Nygifte Siri Ann Åsebø fortel at ho var ganske uforberedt på det heile.

– Eg ante ingenting. Det var han som hadde planlagt alt. Eg blei skikkeleg overraska, seier ho og ler godt.

Stemning på oktoberfesten i Stryn, 2017

Stemning: Kring 3400 personar har kjøpt billettar til oktoberfesten i Stryn. Det var difor eit stort publikum som fekk sjå på då Åsebø og Lundmark gifta seg på scena.

Foto: Synne Ulltang / NRK

Oktoberfestmenigheita

Åsebø og Lundmark er begge svært nøgde med å ha gifta seg framfor alle dei som hadde tatt turen på oktoberfest i dag.

– Dei fleste giftar seg i kyrkja, mens vi gifta oss framfor meinigheita på oktoberfestivalen, seier Lundmark.

Han fortel at dei fekk sjølvaste kardinalen i Ping Pong klubben i Stryn, Kim Rune Flo til å ta seg av vielsen oppe på scena. Og det var mange som fekk med seg den improviserte seansen.

– Vi gjekk ei runde i byen i stad. Då var det mange som stoppa oss og gratulerte fortel Åsebø.

Og planen for resten av bryllaupskvelden er ganske grei.

– Vi tar det som det kjem. Det gjer vi alltid, seier Lundmark muntert.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.