NRK Meny
Normal

Så kom den åtte år gamle invitasjonslista til nytte

Sjølve spelet spelet var teater, men då Camilla Nesheim og Geir Årdalsbakke gav kvarandre sitt ja, var det alvor.

Elskhug og Eksis

SA JA: Camilla Nesheim og Geir Årdalsbakke gav kvarandre sitt ja under det historiske lystspelet «Elskhug og eksis».

Foto: Arne Vik

Camilla Nesheim har ikkje drømt om noko vanleg bryllaup. Og det var heller ikkje det ho fekk då ringen skulle på fingeren.

Nygifte Nesheim og Geir Årdalsbakke frå Endal i Bremanger var eitt av to som laurdag fekk gifte seg på ekte under årets oppsetting av «Elskhug og Eksis». Med nær 900 tilskodarar som vitne.

– Det var heilt genialt. Det har vore ein festdag. Glede, alvor. Det har vore heilt fantastisk, strålar Nesheim.

900 vitne

Arrangørane valde ein heilt ny vri på den femte utgåva av det historiske lystspelet. For i år skulle to ektepar få gifte seg på ordentleg. Nesheim og Årdalsbakke har vore saman i nær ti år, og det var Camilla som sendte søknaden.

Med handlinga lagt til 17. mai 1895, passa det Nesheim som hand i hanske at det ikkje skulle vere kvit brud. Men at dei skulle få nær 900 vitne til vigsla, var kanskje litt i overkant.

(Artikkelen held fram under videoen)

Med 900 vitne til stades, gav Geir Årdalsbakke og Camilla Nesheim kvarandre sitt ja under "Elskhug og Eksis".

SJÅ VIDEO: Camilla Nesheim og Geir Årdalsbakke gir kvarandre sitt ja. (Foto/redigering: Arne Vik)

– Eg har gått og venta på at nervane skulle komme, men til alt overmål var det null nervar og null risting på førehand. Under sjølve seremonien var eg så fokusert på det som vart sagt og skulle seiast, at eg ensa ikkje publikum, strålar Nesheim.

To par vart vigde

Elskhug og Eksis

ELSKHUG: Det historiske spelet vart framført i 2005, 2007, 2009, 2011 og no i 2013.

Foto: Arne Vik

I tillegg til Nesheim og Årdalsbakke, som vart vigde i første framsyninga, fekk også Siren Tansøy Eide og Daniel Stølen Kvamme frå Stryn gje kvarandre sitt ja under spelet.

Para har berre hatt nokre veker på å planlegge bryllaupet. For sjølv om arrangørane av Elskhug og Eksis ordna med mykje, stod det framleis langt meir att å ordne. Nesheim var i Frankrike då ho fekk vite at ho skulle gifte seg i sommar.

– Men den åtte år gamle invitasjonslista, frå då vi byrja å snakke om bryllaup, kom godt med då. Den var faktisk veldig oppdatert, og trengde berre nokre små justeringar, ler ho.

Nesten alle kom

Ein del førebuingar måtte til. Songar og talar skulle skrivast, transport, kyrkje og festen skulle organiserast og sjølvsagt skulle bordpynten på plass. Men dei kom i hamn.

På toppen av dette tok også dei aller fleste frå den 110 namn store invitasjonslista turen til det svært uvanlege bryllaupet i Eid.

Noko som ikkje er mindre enn imponerande med tanke på at invitasjonen dumpa i postkassen for halvanna veke sidan.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elskhug og Eksis

VIGSLE: For første gong vart ekte brudepar skrivne inn i spelet. Her er det like før vigsla.

Foto: Arne Vik

– For ein dag vi har fått. Eg er berre så stolt og glad. Det har vore heilt fantastisk, strålar Nesheim og legg til:

Tuska i buskene

– Eg har sett alle framsyningane før, men å få vere del av stykket og få gifta seg i det… I dag fekk vi Nordfjord og Eid på sitt aller beste.

Elskhug og Eksis

ELSKHUG: Erlend Ona Gjul (t.h.) spelar krigskommiser Jon Myklebust.

Foto: Arne Vik

Nesheim tykkjer vigsla var flette fint inn i spelet.

Det starta med at Brita og sersjanten tuska i buskene, befalet som las opp kva militærlova seier om slikt, og kommisæren som demonstrerte korleis ein ikkje lenger skal kunne leve i «synd»

Velsigna i kyrkja

Deretter vart brudeparet henta fram og dei rette løyva gjevne før vigsla fann stad.

– Det var berre heilt genialt. Deretter gjekk det i hest og kjerre til Eid kyrkje, der vi fekk velsigninga for å få den kristelege biten. Det skulle eg ha med, fortel Nesheim og legg til at turen frå kyrkja til hotellet og festen gjekk med sekshjuling.

– No skal vi berre kose oss resten, avsluttar Nesheim.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser