Hopp til innhold

GHK kan bli nr fire

Damelaget til Gloppen kan ta fjerdeplassen i 2. divisjon handball med siger over bergenslaget Gneist i sesongavslutninga i helga.

Trenar Øyvind Indrebø er godt nøgd med første sesongen på det tredje høgste nivået norsk handball.

Gloppen har vunne åtte, tapt åtte og spelt ein uavgjortkamp i debutsesongen i 2. divisjon, der laget fekk ein tøff seriestart mot andrelaga til Bjørnar og Tertnes i haust.

Sleit borte, vann heime

Nordfjordingane sleit lenge, både med skader og bortekompleks og vann ikkje på bortebane før møtet mot Kjøkkelvik 21.jaunuar. Men heime i Firdahallen har GHK-damene vore effektive og sendt dei fleste motstandarane poenglause heim.

 Svært jamt

Så jamt er det faktisk i 2. divisjon avdeling 4, at Gneist kan risikere å rykke ned med tap i Firdahallen laurdag. Men med siger kan bergensarane ta i frå Gloppen fjerdeplassen på tabellen: