I fjor vår vurderte laget om dei skulle våge å ta imot opprykk til 3.divisjon. No må dei kanskje ta diskusjonen om opprykk til 2.divisjon. Gloppen har ei lita, men jamn spelargruppe som fungerer godt i lag både på trening, i kamp og sosialt.
Laget har 21 poeng etter 16 kampar og har berre Nordnes med 23 og Årstad-2 med 22 poeng føre seg på tabellen.
- Poengfangsten kjem først og fremst av at gloppedamene er litt betre trent og spring litt fortare enn motstandarane, seier trenar Øyvind Indrebø. Han er ikkje uroa over at spelarstallen berre tel 13 jenter.