Tekst: Eli Bjelland.
Foto: Svein Ove Hansli.
Fotografia til Olav Øygard og Erik A. Evensen pryda veggane i industrihallen.
- Kvar blir det av alt det som ikkje forsvinn? Kven veit kvar det vil dukka opp igjen?, spør forfattar Ivar Orvedal i teksten han framfører på scenen i den nedlagde industrihallen til verftet i Førde.
Rundt han står og sit rundt ti musikarar, som spelar på alt frå hardingfela til datamaskin. Houseparty, gravkammermusikk eller framtidsjazz?
- Kall det kva du vil, seier kulturgeriljaen sjølv.
- Bruk dei tomme bygga!
Foto frå skipsindustrien i Førde.
Ivar Orvedal og Arvid Lønne er hovudpersonane bak kulturgeriljaen. Med støtte frå fleire musikarar, Førde og Høyanger kommune, kulturavdelinga Sogn og Fjordane, SOF, Høyanger næringsutvikling og fleire private næringsverksemder, gjennomførte dei sitt fyrste prosjekt i den nedlagde industrihallen i Førde sundag 28. november.
Bodskapen deira er klar.
- Eg skjønar ikkje kvifor me skal byggja nye lokale når me allereie har så mange lokale som står tomme, påpeikar ein engasjert Arvid Lønne.
Kamp om kulturmidlar
Ivar Orvedal framfører eigen tekst på scenen. (Foto: Svein Ove Hansli)
For det er kampen om pengane geriljaen vil til livs.
- Det er i 2004 søkt om 345 millionar kroner til nye kulturbygg, trivselshagar og kunstgrasarena berre i Sogn og Fjordane. Kor mange kroner er det i same tidsrom søkt om eller løyvd for å fylla nye og gamle bygningar med kultur og aktivitet? Kor mykje tid går det med til å flytta på pengane som me er så glade i? Er det andre der ute som ikkje har som mål å bli pengeflyttarar? spør Ivar Orvedal i ein tekst geriljaen har sendt ut.
Fotodokument
Det er lite som vitnar om pengeflytting denne sundagen når nytt liv vert blåst i den gamle sandblåsingshallen. Lydane frå scenen lev sitt eige liv i tilfeldig improvisasjon, og den kraftige klangen som industrihallen produserer, gjer at den glir rett inn i rolla som konsertscene.
På veggane heng fotografia til Erik A. Evensen og Olav Øygard, biletprov på det livet som hallen ein gong inneheldt.
- Eg ynskte å laga ein dokumentasjon, og fotografera for ettertida det som føregjekk her av aktivitet. Eigentleg meiner eg at lokalet passar best til det det er meint til, industri, men samstundes er det ein stemning her som du ikkje kan laga ved å byggja ein slik hall, meiner fotograf Øygard.
Fotodokument på det livet som ein gong var i den gamle industrihallen. Fotografia er laga av Erik A. Evensen og Olav Øygard.