Hopp til innhold

Georges sykla over grensa som tusenvis av andre - i går fekk han tidenes julegåve

Han var blant dei siste av asylsøkarane som kom over Storskog som fekk behandla asylsøknaden sin. I går fekk han vita at han får bli i Noreg.

Georges Abdullah

BEVISET I HANDA: Georges Abdullah med papiret han har lengta etter i over to år.

Foto: Marit Gjellan / NRK

– Det er ei stor gåve frå UDI, seier Georges Abdullah og smiler breitt.

Syriske Georges Abdullah var ein av dei over 5500 asylsøkarane som kom syklande over grensa ved Storskog frå Russland i 2015. Han har venta i to og eit halvt år på å få søknaden sin behandla, som ein av dei siste av dei som kom over russargrensa. Det siste halve året har han budd på mottaket på Kaupanger.

Sykkel over grensa

I 2015 kom om lag 5500 asylsøkarar syklande over grensa ved Storskog frå Russland. Georges var ein av dei. Den 20. november same år endra Stortinget lova, slik at asylsøkarar som kom til Noreg med opphald i eit trygt tredjeland, kunne bli sendt tilbake til dette landet.

Men Russland nekta å ta i mot dei Noreg vil sende i retur. I 2017 har berre fem av desse personane blitt sendt tilbake til Russland. Georges fortel at han berre reiste gjennom Russland, og at han ikkje har noko anna tilknyting til landet.

Georges frå Syria på mottaket i Kaupanger

LANGE DAGAR: Georges har stort sett vore på rommet han deler med ein annan mann den tida han har budd på mottaket i Sogn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sidan han kryssa grensa til Noreg har han levd i eit limbo. Han har blitt flytta mellom fleire asylmottak i Noreg, og han har prøvd å koma seg til Tyskland i håp om å få behandla søknaden sin der. Utan papir kom han aldri lenger enn grensa mellom Danmark og Tyskland, før han vart sendt tilbake til eit keisamt liv på norske asylmottak.

– Eg vil berre ha eit svar. Positivt eller negativt, men eit svar som gjer at eg kan koma meg vidare i livet, sa Georges for to veker sidan.

– Livet kan starta att

Han har kone og to born som framleis bur i krigsherja Homs i Syria. Han søv dårleg om nettene og held seg stort sett på tomannsrommet på asylmottaket på Kaupanger i Sogn. Han sjekkar heile tida kva som skjer i heimbyen.

– I natt gjekk det av ei bombe berre nokre kilometer frå der familien min bur, sa han i det same intervjuet.

Georges Abdullah og advokat Brynjulf Risnes

FÅR BESKJEDEN: Georges får beskjed om at han får opphald av advokat Brynjulf Risnes. –

Foto: Marit Gjellan / NRK

Men for to veker sidan fekk han vita at søknaden hans likevel skulle behandlast i Noreg. I dag møtte han opp på kontoret til advokat Brynjulf Risnes for å få vita om han får bli eller ikkje.

– Eg skjønar det er vanskeleg å tru, men no er alt over. Dette er den endelege avgjerda: du får opphald, seier advokaten til Georges.

– No kan eg begynna livet mitt att, og no kan eg få vera med familien min att, seier han, og held godt fast i vedtaksbrevet frå UDI.