Hopp til innhold

Geologar skulle vurdere rasstad frå helikopter - dårleg vêr gjer at dei må ta beina fatt

Geologar har i morgontimane undersøkt rasstaden på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger. Planen var at dei skulle vurdere området frå lufta, men dårleg vêr gjorde at dei må ta beina fatt.

Rasstaden på riksveg 55 mellom Ylvisåker og Ølmheim

HAR VURDERT RASSTADEN: Geologar har fredag føremiddag vurdert rasstaden. Dei måtte ta seg opp til sleppområdet til fots, etter at helikopteret ikkje kunne lette grunna dårleg flyvêr.

Foto: Frode Ølmheim

Riksvegen er fredag morgon heilt stengd etter at store steinmassar dundra i vegbana seint tysdag kveld.

Klokka 10 opplyser prosjektleiar Per Ove Fossheim i Vegvesenet at geologane har vore oppe der blokkene losna.

– Dei har funne sleppområdet, og det ligg vel 200–250 meter over vegen.

SISTE: Etter at geologane har vurdert sleppområdet har Vegvesenet bestemt at dei ikkje vil opne vegen att i dag. Det er stor fare for at det kan kome ned meir jord- og steinmassar.

Tok beina fatt

Per Ove Fossheim

GEOLOGAR: Per Ove Fossheim seier geologar er på plass i rasområdet fredag morgon.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Geologane skulle etter planen opp i helikopter for å vurdere rasstaden frå lufta, men dårleg flyvêr gjorde til at helikopteret ikkje kunne lette frå Førde lufthamn, Bringeland.

Men geologane stod ikkje med hendene i lomma og ventar, dei tok teke beina fatt.

– Geologane har teke ei risikovurdering på situasjonen og har begynt å gå oppover fjellsida.

– Slik det ser ut frå der dei stod, så kan det sjå ut som om sleppstaden ikkje var så høgt opp i lia, seier Fossheim til NRK.no like før klokka 08.30.

Han seier bilistane må vere tolmodige, og at helikopteret vil komme til området så snart det er vêr til det.

Søkte etter bilar i fjorden

Steinras på riksveg 55 ved Ylvisåker

TRE OG STEIN: Har rasa ned på vegen.

Foto: Frode Ølmheim

Den første meldinga om raset kom klokka 23.15 torsdag kveld. Entreprenøren som kom til for å sjå på raset kunne fortelje om store steinmassar som hadde dundra ned på riksvegen i området mellom Ylvisåker og Ølmheim.

Ein del autovern på staden skal vere treft av steinmassane. Dei største steinane skal vere store som personbilar, og ein frykta ei stund at bilar kunne vere tekne av raset.

Det vart gjort søk i rasområdet, også i fjorden like vel, men det er ingen ting som tyder på at bilar vart sopa på fjorden, opplyser politiet.

– Det er ingen som er meld sakna i området, og det er ikkje gjort observasjonar i søket som tyder på det. Det er ikkje olje som kjem opp av sjøen, ingen luftbobler og det er ingen indikasjonar på at bilar er tekne, seier operasjonsleiar Inge Værøy ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

(Artikkelen held fram under)

Riksveg 55 er stengd av eit ras ved Ylvisåker mellom Sogndal og Leikanger. Raset gjekk seint torsdag kveld og det skal ligge stein over eit område på vel 100 meter.

MØTTE STENGD VEG: Dette synet var det som møtte bilistane fredag morgon. FOTO: Arve Uglum. Frykta bilar kunne vere tekne

Har ikkje full oversikt enno

Skader på riksveg 55 etter steinras ved Ylvisåker

SKADER: Ein del av vegen har fått store skader etter at dei store steinane rasa ned torsdag kveld.

Foto: Frode Ølmheim

Det er i morgontimane mørkt på staden og Vegvesenet har difor ikkje full oversikt over omfanget av raset, eller kor store skader det er gjort på vegen.

– Vi veit ikkje så mykje før geologar har vore oppe for å sjå på rasstaden frå lufta, seier Per Ove Fossheim i Vegvesenet.

Riksveg 55 er ein av dei mest trafikkerte strekningane i fylket, og det er mange pendlarar som nyttar seg av vegen. Omkøyringsmoglegheitene er ganske lange for dei som vel å leggje ut på dei.

Det er førebels ikkje teke stilling til om det skal bli sett inn ei ferje på strekninga mellom Hella og Kaupanger, noko som har vore gjort tidlegare.

– Vi jobbar parallelt med dette, men vi vil vente til vi får rapportar frå geologane før vi tek ei avgjerd om dette, seier Fossheim.

Losna høgt oppe i fjellsida

Geologane er altså venta til staden mellom klokka 08.30 og 09, men det vil truleg gå litt tid før Vegvesenet kan seie noko om kor tid vegen kan opne. Vegvesenet har tidlegare opplyst at dei vil ta ei ny vurdering klokka 09, men Fossheim seier det vil ta noko lenger tid enn det.

– Geologane må få gjere sine vurderingar før vi kan kome med meir konkrete tidspunkt om kor tid ting kan skje.

Han seier fjellet i området der raset har gått er opp i vel 1000 meter høgt, og at det er ei steinmur som startar 500 meter oppe i fjellsida.

– Det er førebels usikkert kor sleppområdet er, seier Fossheim til NRK.no klokka 09.30.

Lange omkøyringsvegar

Klokka 10.30 opplyser Vegvesenet at vegen ikkje blir opna att i dag. Det er lange omkøyringsvegar for dei som vel å leggje ut på dei.

Av omkøyringsvegar er moglegheitene om Lærdal-Vinje-Vikafjellet-Vik og ferje over fjorden til Balestrand. Men på Vikafjellet er det fredag føremiddag kolonnekøyring, og vegen kan bli stengd på kort varsel melder Statens vegvesen. Det andre alternativet er om Skei-Førde-Vadheim-Balestrand.

Eit alternativ kunne vere å køyre via Skei og vidare mot Førde, men ta av og køyre fylkesveg 13 over Gaularfjellet, men klokka 11 fredag melder Vegvesenet at vegen her er stengd grunna uvêr og ikkje blir opna att i dag.