Hopp til innhold

No er vegen opna att

Oppryddingsarbeidet etter det store raset på fylkesveg 609 ved Ulltang, vest for Førde, er ferdig. Vegen er opna att.

Ras ved Ulltang vest for Førde sentrum.

STORT: Raset ved Ulltang gjekk på ein stad der det ikkje har gått ras før.

Foto: Alf Vidar Snæland

Oppdatert 17.30: Raset er no rydda vekk, og vegen er open for trafikk att.

Rasområde Ulltang, fylkesveg 609

RYDDA: No er fylkesveg 609 ved Ulltang rydda.

Foto: Statens vegvesen

Ein geoleg var på rasstaden i ni-tida laurdag morgon. Etter at han konkluderte med at det ikkje er fare for nye ras køyrde entreprenøren inn med gravemaskiner og lastebilar.

– Entreprenøren er på plass og kan starte oppryddingsarbeidet så fort han får klarsignal. Men det er uvisst når det kan skje, opplyste trafikkoperatør Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal til NRK laurdag morgon.

– Det har kome ned store steinmassar, og det vil vere stengt ei god tid framover. Dei må få fjerna mesteparten av massane før dei kan sleppe forbi trafikk, forklarar Erikstad.

250 personar isolerte

Det var i sjutida fredag kveld at vegvesenet og naudetatane fekk melding om det store steinraset på fylkesveg 609, nokre kilometer vest for Førde sentrum, i retning Askvoll. Ingen bilar eller personar vart tekne av raset, som gjekk på ein stad der det normalt ikkje går ras.

Men sidan same fylkesvegen også vart stengd på same tid ved Heilevang, litt lenger ute i fjorden, miste rundt 250 personar i området mellom Solheimsdalen og Heilevang vegsambandet med omverda fredag kveldd og natt til laurdag.

Opna igjen ved Hundsåna

Hundsåna ved Heilevang er ein rasutsett stad, og store nedbørsmengder gjorde at vegvesenet valde å stengje vegen fredag kveld på grunn av rasfare. Her vart vegen opna igjen laurdag morgon, slik at dei isolerte no har vegsamband via Askvoll og Dale.

Stenging og steinras