Hopp til innhold

Geologar såg lause steinar i høgare parti - men meiner rasfaren er liten

Geologar har sett på rasstaden i Fortun, der digre steinar kom dundrande ned laurdag. Dei trur ikkje det er umiddelbart fare for nye ras, og dermed heller ingen tiltak.

Steinane dundra ned

STORE STEINAR: Her enda steinane som losna høgt oppe i fjellsida laurdag.

Foto: Statens vegvesen

– Vi ser at det ligg noko laust i litt høgare parti, men vi ventar ikkje at det kjem ned med det første. Men det er klart at dersom det skulle komme regnvêr, så kan noko losne, seier geolog Kristian Kjesbu i Statens vegvesen.

Laurdag ettermiddag kom ni store steinar buldrande ned fjellsida i Fortun i Luster. Dei største steinane var over tre meter høge, og kom ned frå fjellet Hjorten. Området ligg om lag 200 meter frå Fortun kyrkje.

(Artikkelen held fram under biletet)

Her losna steinane

ER MEIR: Herifrå losna nokon av steinblokkene som dundra ned fjellsida. Geologar såg meir laus steinmasse, men trur ikkje dette kjem ned med det første.

Foto: Statens vegvesen

Ikkje problem for vegen

I dag var geologar både frå Statens vegvesen og NVE på plass for å synfare området frå helikopter.

Geologen meiner det ikkje er umiddelbar fare for nye ras, og dermed ikkje problem for fylkesveg 55 som går forbi området heller.

– Vi tilrår at den vert halden open. Men ein må følgje med i regnvêr. Ein må rekne med litt liv i ei slik fjellside, men det er ikkje vare for vegen, meiner Kjesbu.

Men han understrekar at ved kraftig regnvêr kan steinmassane røre på seg.

– Men det er vanleg at det rører litt på seg også, seier Kjesbu.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras i Fortun

FRÅ LUFTA: Geologar frå Statens vegvesen og NVE tok rasstaden nærare i augesyn onsdag.

Foto: Statens vegvesen

Skal ikkje vere fare for bustadhus

Familien Otterhjell bur like ved rasstaden, og vart skremde då det rasa laurdag kveld. I helga vart dei evakuerte ei natt, av frykt for at det skulle komme meir steinar dundrande.

Geolog i NVE, Yngve Midthun, fortel at dei ikkje er ferdige med analysen av staden endå.

– Ved første augekast er det ikkje auka fare for bustadhuset som er i nærleiken. Det er ikkje større sjanse for ras der no enn tidlegare, meiner Midthun.

Han peikar på at med tanke på bustadhus, så vil raset halde same bane som tidlegare.

– Dermed er det ikkje venta skred nærare huset som står nærast rasstaden, viss det skulle komme noko, seier Midthun.

Han har ikkje sett på andre område enn akkurat området der det rasa laurdag.

– Vi skal få kartlagt Luster meir i detalj i løpet av året, seier Midthun.